Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. mar 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte fredag den 13. mars 2026 kl. 9

Innlegget

Eg vil gjerne starta med å lesa opp Arbeiderpartiets forslag i saka: «Stortinget ber regjeringen, ved implementeringen av EUs reviderte avløpsdirektiv, sørge for at norske interesser ivaretas på en best mulig måte, og at implementeringen gjøres på en måte som er best mulig tilpasset norske forhold.» Me er heldige i Noreg. Me kan drikka vatn rett frå springen, me kan bada i fersk- og saltvatn, og me vert sjeldan sjuke av forureina vatn – men ingenting varar evig, heller ikkje røyrsystem. Difor treng me reinsing og å fornye systema. Mykje av det som finst av leidningsnett der ute, er veldig gamalt og overmodent for utskifting til moderne løysingar. Det har eg sjølv sett. Me veit difor at det er behov for betydelege investeringar i vass- og avløpssystemet framover, uavhengig av krav frå Brussel, og slike investeringar kostar. Nettopp difor finst det vel knapt ein kommune i dette landet der avløp og reinsing ikkje er eit tema. Det er eit stort løft som trengst her, og det er enorme kostnader som vil måtta fordelast – på vanlege folk. Sjølvkostprinsippet gjeld landet rundt, og difor er det viktig at regjeringa har redusert meirverdisatsen på vatn og avløp frå 25 til 15 pst., og at ein frå 2026 har dobla den maksimale avskrivingstida for kommunale vass- og avløpsanlegg frå 40 til 80 år. Det er ein viktig start, som kommunar landet over har takka for, og det er tydeleg at regjeringa deler bekymringa for utgiftene. For å lukkast må me nytta det handlingsrommet EU-direktivet gjev oss, og at me sikrar både norske interesser og at regelverket vert best mogleg tilpassa norske forhold, både for innland og for kyst. Arbeidarpartiet støttar intensjonen til forslagsstillarane, men regjeringa har sjølv lagt klar vekt på behovet for nettopp å sjå på bruken av omgrepet tettstad og korleis ein kan definera, og deretter avgrensa, i kva for område ulike reglar skal gjelda. Norske interesser skal verta ivaretekne på best mogleg vis og tilpassast norske forhold. Det er alle einige om. Det viktigaste framover er å fokusera på at tilpassinga og handlingsrommet for norske forhold kan vera i fokus. Ein kan lura på om det er målet til nokon i salen å utsetja og forskyva direktiv som samsvarer med behov me må løysa, uavhengig av Brussel. Det må det vera lov å spørja om. Eg tek opp det nemnde forslaget frå Arbeidarpartiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Solveig Vestenfor (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 13. mar 2026 — OverStortinget