Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. mar 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 17. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Det er mest ikkje til å tru. Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland er sikta for grov korrupsjon, tidlegare utanriksminister Børge Brende måtte trekkja seg som leiar av World Economic Forum, og hemmelege og graderte dokument dukka opp i ei bu hos diplomatparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen. Me har fått kjennskap til at norske utanrikspolitikarar har sete som privatpersonar i ei sveitsisk stifting for å passa på bruken av norske skattepengar – eller har dei sete der for å passa på at straumen av norske skattepengar inn i stiftinga ikkje stoppa opp? Avsløringane etter Epstein-filene er ikkje til å tru, og difor må me handla. Me må finne ut kva som har skjedd, og me må finne ut korleis me kan hindra at det skjer igjen. Me må få klargjort faktiske hendingar, men det er like viktig for Senterpartiet å finna ut om det har vore og er ein kultur som gjer at sånne ting kan skje. Senterpartiet er glad for at ein samla kontroll- og konstitusjonskomité har lagt fram ei innstilling om granskinga som både er svært vid og som opnar for å gå langt tilbake i tid. Senterpartiet meiner at eit kjernespørsmål i dette er: Er det som har kome i kjølvatnet av Epstein-filene, det einaste uakseptable som finst i forvaltninga og utanrikstenesta? Sjølvsagt er det ingen grunn til å tru det. Difor er me glade for at kommisjonen òg får moglegheit til å sjå på forhold som ligg utanfor det som er direkte knytt til Epstein-filene. Senterpartiet er oppteke av å sjå nærmare på pengebruken til å tenkjetankar og organisasjonar innanfor bistand. Er delar av vår bistandspolitikk i realiteten internasjonale sysselsetjingstiltak for godt betalte menn i dress? Senterpartiet er oppteke av å sjå nærmare på prosessen som leidde fram til at Noreg fekk plass i FNs sikkerheitsråd. Senterpartiet er oppteke av å sjå nærmare på prosessen som leidde fram til at Thorbjørn Jagland fekk rolla som generalsekretær i Europarådet. Det er òg andre saker den seinare tida som me må sjå på med nye auge i lys av Epstein-sakene. Eit veldig tydeleg eksempel er relasjonen mellom det iranske regimet og Solberg-regjeringa i perioden 2016–2018. Me veit at ein av Solberg-regjeringas statsrådar frå Framstegspartiet hadde svært tett kontakt med Iran i denne perioden: deltok i feiring av den islamske revolusjonen i Irans ambassade, arbeidde med å starta ei norsk-iransk veneforeining og var på offisiell reise til Iran i 2016. Òg ein statssekretær og seinare olje- og energiminister var i Iran på offisielt besøk i denne tida. Samtidig vart det arbeidd med å inngå ein skatteavtale mellom Noreg og Iran. Sett i ettertid, og med den utvida forståinga av kva som faktisk er mogleg, meiner eg at forholdet mellom Solberg-regjeringa og det iranske regimet òg er eit forhold som granskingskommisjonen bør sjå på, og som ligg innanfor mandatet, sånn som det no er. Eg høyrte Hans Andreas Limi frå FrP på radioen i dag. Han unnskylda seg med at det i denne perioden òg hadde vore andre land som hadde hatt ein tett relasjon til det iranske regimet. Det er Senterpartiet absolutt ikkje ueinig i, men det er få eksempel frå andre land på at det iranske regimet har flytta inn i ei statsrådsleilegheit – og kva gjorde statsministeren då dette vart kjent? Vart det teke med det alvoret som saka tilsa? Me meiner at ettertida gjer at me må sjå på dette med nye auge. Til sjuande og sist er spørsmålet som må reisast i absolutt alle desse sakene, om enkeltpersonar har sete sine eigne interesser framfor Noreg sine interesser, og om det har vore nok vilje til å oppdaga og avslutta ein sånn praksis. Avsløringane me har sett, svekkjer tilliten til politikken, men òg tilliten til kven me som land er. Det er ein stor jobb som ligg framfor granskingskommisjonen. For Senterpartiet er det svært viktig at me får ein uavhengig og dyktig kommisjon. Eg vil takka dei andre medlemene i komiteen for samarbeidet med innstillinga. Me opplever at dei innspela som Senterpartiet hadde, er godt varetekne, og eg er veldig glad for at det er ein samla komité som står bak dette. Kommisjonen må ikkje verta ei kvilepute. Difor er det viktig at kontroll- og konstitusjonskomiteen fortset arbeidet, og at me raskt får svar frå utanriksministrar som har sete dei seinare åra. Me er difor innstilte på at sjølv om granskinga raskt kjem i gang, må samtidig kontrollsaka i kontrollkomiteen gå vidare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat