Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg opplever at me har hatt ein debatt som tek inn over seg det alvoret som er i denne saka, og det er jo ein samla komité som står bak dette. Eg synest kanskje at debatten vert litt skjemd av ein ganske uviktig diskusjon om kven som meinte kva når, og kven som var imot, og kven som var for. Eg opplevde at partia var for dette. Det som Senterpartiet var veldig skeptisk til, var at det skulle vera ein granskingskommisjon i regi av regjeringa, og det gav me uttrykk for dei fyrste dagane. Så kom dette relativt raskt over på rett spor. Eg meiner at når me seier at dette skal vera ei brei gransking som skal gå langt tilbake i tid, då betyr partifarge ingenting. Eg registrerer at komitéleiaren peikar på veldig mange parti utanom sitt eige. Eg meiner at viss granskingskommisjonen meiner det er grunnlag for å sjå på om det i andre saker kan ha vore ting som set spørsmålsteikn ved forholdet mellom Noreg og f.eks. andre statar, organisasjonar eller stiftingar, må ein sjølvsagt gå inn i det. Det kunne vore andre saker og andre eksempel ein kunne nemna utanom det iranske regimet og kontakten med Solberg-regjeringa, men nå var det det eg nemnde. Det kan òg vera andre saker, og sjølvsagt bør kommisjonen då stå fritt til å gå inn i dei viss dei kan belysa det som er problemstillinga som me er opptekne av, nemleg: Korleis skal me hindra at dette skjer igjen? Korleis kan me byggja opp tilliten igjen? Når det gjeld det lause forslaget frå Raudt, er Senterpartiet i utgangspunktet einig i det som står der. Det hadde vore fint viss det skjer. Men me har hatt ein prosess i komiteen, og Raudt kunne fremja forslaget sitt om dette i innstillinga. Det er for så vidt ikkje så viktig. Det som er viktig for oss, er at kommisjonen har fridom til å kunna leggja fram ei delinnstilling. Det har dei med denne innstillinga. Dermed er det ikkje nødvendig å støtta forslaget til Raudt, og det vil heller ikkje Senterpartiet gjera.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
