Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kielland-ulykka var sjølvsagt grusom for dei som vart ramma og for deira pårørande. Eg hugsar ikkje sjølv ulykka, men eg hugsar godt tida etter ulykka. Det var ein heil region som hadde gått frå håp, framgang og optimisme, til meir skrekk og frykt. Difor må me ta denne saka på største alvor, sjølv så lang tid i etterkant. 123 menneske mista livet. Familiar, lokalsamfunn og nasjonen vart ramma, og det har vore tiår med manglande svar, manglande ansvar og manglande oppfølging. Det er eit alvor som nokre har måtta bera byrda av. Når det gjeld konklusjonane til Riksrevisjonen, er dei tydelege, men Senterpartiet vil òg forhalda seg til undersøkinga til Universitetet i Stavanger frå 2025, som slår fast at styresmaktene hadde eit stort ansvar for at ulykka kunne skje, og at etterforskinga i ettertid ikkje var god nok. Det er jo spørsmål oppi dette som ein ikkje har fått gode nok svar på. Korleis kunne ein bruka denne plattforma som ei bustadplattform, noko ho aldri var godkjent som? Kvifor vart ikkje avgjerda til Riksadvokaten – i brev av 19. mars 1982 til Statsadvokaten i Rogaland, om at ingen kunne stillast til ansvar for ulykka – teke opp til ei ny vurdering i ettertid? Det er spørsmål som ligg der. For Senterpartiet er det no viktig at me for det fyrste raskt må sørgja for rettferd for dei etterlatne og dei som overlevde. Det må koma på plass ei ordning som den Stortinget har sagt at me skal ha på plass. Det handlar om respekt, om rettferd og om å retta opp i ein urett som har vart for lenge. For det andre: Sjølvsagt har ulykka gjeve oss mykje læring og beredskap, men det er òg ei påminning om at den innsatsen som folk gjennom alle desse åra har gjort for å sørgja for rikdomen i Noreg ved å utnytta olje- og gassressursen vår, ikkje har vore utan risiko. Dei har gjort ein viktig jobb for landet, så denne saka har mykje større utbreiing enn til dei som vart direkte ramma av ulykka. Det må me ta med oss. Etterspelet etter Alexander Kielland-ulykka er eit godt eksempel på kor viktig openheit er for å sikra tillit mellom folk og styresmakter. Senterpartiet meiner at Stortinget no må sørgja for at ein følgjer opp rapporten og tilrådingane til Riksrevisjonen på ein grundig og forpliktande måte. Me må sikra at staten tek ansvar, ikkje berre i ord, men i handling, og difor forventar me at regjeringa leverer på vedtaket i Stortinget om ein særskild kompensasjon til dei som er råka av ulykka. Alexander Kielland-ulykka skal ikkje og vil ikkje verta gløymd. Me må sørgja for å ta med oss lærdomen frå dette for at ei slik ulykke aldri skal skje igjen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
