Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. mar 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 17. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har nokre gongar opp gjennom livet prøvd å lesa Prosessen av Kafka. Det har kvar einaste gong gått gale og fått meg til å føla meg litt forvirra, dum, litt enkel og usikker. Det er litt den same følelsen eg får når eg prøver å forstå måten Stortinget følgjer opp oppmodingsvedtak på. For korleis var det no med dette forholdet mellom oppmodingsvedtaka i statsbudsjettet og i Meld. St. 4? Korleis var det no med innstillinga til regjeringa, innstillinga til fagkomiteane og innstillinga til kontrollkomiteen i dette? Det er mogleg å verta litt forvirra, dum, litt enkel og usikker òg av å prøva å forstå det. Eg meiner at innstillinga her viser at regjeringa har hatt for lite respekt for oppmodingsvedtaka, for det er ei rekkje vedtak ein har føreslått å avslutta rapporteringa på, der Stortinget no seier nei, rapporteringa kan ikkje avsluttast. Det som er viktig å seia, er at viss regjeringa er ueinig i eit vedtak, kan regjeringa føreslå å oppheva vedtaket. Eg meiner det er betydeleg ryddigare enn å seia at vedtaket er gjennomført og difor kan leggjast vekk. Det er òg nokre forslag i innstillinga og i komiteen som ikkje har eit fleirtal bak seg, men der det mindretalet som har gjeve uttrykk for ei meining i innstillinga, har eit fleirtal i stortingssalen. Eg forventar at regjeringa òg tek omsyn til det når ein ser på om rapporteringa kan avsluttast eller ikkje. Det må jo vera stortingsfleirtalet som er det avgjerande. Det er vel sånn at Høgre, FrP, Senterpartiet og KrF – nokre vil seia ein draumeallianse, det meiner ikkje eg – er ein allianse som har fleirtal i Stortinget, men ikkje i kontrollkomiteen. Det må ein ta omsyn til. Det kan nok òg vera – og eg veit ikkje om det er upassande – at Stortinget skal snu oss litt rundt og sjå litt på oss sjølve òg. Me fattar mange vedtak. Det er vedtak som minner meir om julekort enn politiske vedtak, så eg tenkjer at det er viktig at òg Stortinget og me i denne salen er opptekne av at vedtaka me fattar, er klare og tydelege. Det kan vera at mengda òg kunne vore noko mindre, utan at det gjekk utover den politiske viljen som ligg bak oss. Det er eit problem at engasjementet for å gjera vedtak er større enn engasjementet for at vedtaka faktisk vert følgde opp. Hensikta med å gjera vedtak er jo at me ønskjer å påverka samfunnet, og då krev me at regjeringa følgjer opp det, men me som storting må òg følgja opp kontrollen med om vedtaka vert følgde opp vidare. Dermed vil eg gje full støtte til komitéleiarens ønske om å finna ein betre måte å gjera dette på i framtida, sånn at me ikkje får ein Kafka-følelse når me sit og behandlar desse vedtaka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat