Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Forventningane til kommisjonen er høge. Mandatet er knytt til å avdekkja eventuelle norske forbindelsar til Jeffrey Epstein-nettverket og konsekvensane av det. Det er knytt store forventningar til at kommisjonen granskar Utanriksdepartementet og andre norske myndigheiter sin eventuelle kontakt med Epstein. Det er forventa at kommisjonen gjennomgår dokumenta for å identifisera norske personar, organisasjonar eller interesser som kan ha hatt kontakt eller har motteke støtte eller annan påverknad frå Epstein-nettverket. Det skal verta undersøkt om organisasjonar med tilknyting til miljøet har motteke økonomisk støtte frå UD, etter avsløring om at 54 organisasjonar fekk støtte utan ordinær utlysing. Spørsmålet er: Er det ein samanheng mellom dette og eventuelt Epstein-nettverket. Det er brei politisk einigheit om at granskinga må vera grundig og snu alle steinar for å gjenoppretta tilliten til norske institusjonar og norsk utanriksteneste. Granskinga kjem til å verta tidkrevjande ettersom ein skal undersøkja forhold over ein ganske stor tidsperiode. Det er òg viktig, trur eg, at dette ikkje dreg altfor langt ut i tid, då det kan mista både sin aktualitet og sin verdi for samfunnet. Det er viktige – som det vart påpeikt av fleire her, og som det for så vidt òg står i innstillinga – at det må vera ein form for fleksibilitet i det endelege mandatet som presidentskapet legg fram for Stortinget, til å følgja nye spor og nye funn ein oppdagar undervegs som kan vera viktig å forfølgja i saka. Det er òg påpeikt at Stortinget har det konstitusjonelle ansvaret, og me er ikkje nokon domstol. Det trur eg det er viktig at ein i samfunnet og ute elles tek med seg – domstolen, politiet og rettsapparatet gjer sine vurderingar, og Stortinget har eit heilt anna ansvar i dette. Det skal verta spennande når me no får saka til behandling i presidentskapet. Eg er peika på som saksordførar i presidentskapet til å vera med og leggja fram det endelege mandatet for Stortinget og føreslå aktuelle kandidatar til granskingskommisjonen, før det vert endeleg vedteke her i denne sal. Dette er eit viktig arbeid som er veldig viktig for både Noreg, norsk utanriksteneste og innbyggjarane i Noreg. Til sjuande og sist er det eit viktig prinsipp for Noreg at Noreg har truverd i utanrikstenesta. Forslaget til Raudt gjeld delrapportar, og delrapportar kan ha ein funksjon. Men det kan òg utfordra det konstitusjonelle ansvaret til sjuande og sist dersom ein delrapport peikar på noko som kan verta eit konstitusjonelt ansvar – å peike på noko. Det kan vera veldig uheldig for saka før ho er endeleg ferdig. Eg tenkjer at granskingskommisjonen må få frie tyglar til eventuelt å melda tilbake til Stortinget dersom dei føler behov for det i si sak, utan at me nødvendigvis pålegg dei å koma tilbake til Stortinget – det kan få negative konsekvensar for det endelege standpunktet som Stortinget skal ta i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
