Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mar 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 19. mars 2026 kl. 10

Innlegget

For Senterpartiet er det grunnleggjande viktig å sikre barna våre ein trygg skulekvardag. Det gjeld sjølvsagt òg i det digitale rom. Både foreldre, lærarar og skuleleiing kan oppleve at det er krevjande å ha nok oversikt over korleis dei digitale verktøya kan nyttast – og blir nytta – av elevane, og korleis ein sikrar gode rammer som gjer at elevane er skjerma mot skadeleg innhald på nett. Forslagsstillarane skal ha ros for å ha sett dette temaet på dagsordenen, og komiteen har i innstillinga samla seg om klare forventingar til regjeringa om å styrkje arbeidet for å sikre digitale verktøy som har barrierar mot reklame og skadeleg innhald. Vi kan ikkje forvente at alle kommunar skal kunne ha den fullstendige oversikta over dei moglegheitene og utfordringane som dei digitale verktøya kan innehalde. Det er difor viktig å gje tilstrekkeleg kunnskap og støtte til kommunane og skulane i korleis dei kan skjerme barna mot uønskt innhald. Her må dei statlege styresmaktene samarbeide aktivt med skulane for å gje kunnskap om korleis ein sikrar eit oppsett av dei digitale einingane sånn at nødvendige filter og blokkeringar er på plass, og at ein på riktig måte ivaretek både personvern og tilgangskontroll. Det skal ikkje vere sånn at elevar har tilgang til skadeleg innhald eller blir utsett for persontilpassa reklame på pc-ane eller nettbretta dei får frå skulen. Samtidig med at vi ivaretek tryggleiken til elevane, er det viktig å understreke at vi i denne salen må unngå unødvendig detaljstyring. Skulen blir styrt gjennom nasjonale mål, men det skal vere eit stort handlingsrom med tanke på å finne gode løysingar lokalt ut frå det som er lokale behov og lokale føresetnader. Vi i Senterpartiet har stor tillit til at kommunar, skular og foreldre er dei beste til å ivareta tryggleiken til ungane dersom dei får den nødvendige støtta frå statlege styresmakter. Eg tenkjer komiteen har funne ein god balanse mellom desse omsyna i denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat