Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er ingen gladsak. Det er eit krevjande direktiv som norske bønder må forhalda seg til. Det gjekk jo galt då regjeringa føreslo å gjennomføra dette nokså hastig – iallfall plutseleg – utan å leggje fram noko som helst form for risikoavlasting eller kompensasjon. Då tok Stortinget ansvar og utsette gjennomføringa med eitt år, fordi me ønskte å gje bøndene tid til å omstilla seg. Det fekk me eit ganske stort fleirtal for på Stortinget, men plutseleg gjekk Høgre og MDG saman med Arbeidarpartiet og gjorde eit vedtak om at direktivet likevel skulle innførast i år. Senterpartiet reagerte på det med å leggja fram eit representantforslag, som er det me behandlar i dag. Der var tanken at me ønskjer å gje bøndene den risikoavlastinga, ikkje berre fordi det er viktig for bøndene, men fordi det er viktig for den norske sjølvforsyninga at løkbøndene vel å setja løk òg dette året. I mellomtida har statsråden lagt fram og presentert sitt forslag. Det er det eit dårleg forslag, for det har ein for låg kompensasjon, og det gjer at bøndene må bera ein for stor del av risikoen. Men det som eg er glad for i det forslaget, er at statsråden sender eit klart signal om at dette skal finansierast i revidert nasjonalbudsjett, og at det òg kjem eit arbeid med kartlegging i revidert nasjonalbudsjett. Då er me iallfall trygge for at me ikkje skal bruke energi i mai og juni med å forhandla inn ei ordning på dette. I dette forslaget har eit fleirtal på Stortinget sett skapet på plass, gjort eit veldig detaljert forslag som er lett for statsråden å følgja opp, fordi dei spørsmåla som er, er langt på veg fullført. Så har eg lyst til å kommentera noko som òg er sagt i debatten i dag, at ein må gje bøndene eit insentiv til å få ned kadmiumnivået. Det er sagt både frå Arbeidarpartiet og Høgre. Eg meiner det er å ha ein grunnleggjande mistillit til norske bønder, for viss norske bønder kan velja om dei vil produsera mat for søppelplassen, eller mat til norske forbrukarar, er eg heilt trygg på at norske bønder ønskjer å produsera mat, dei ønskjer å få betalt for varene sine, ikkje erstatning for det som er søppel. Dei ønskjer sjølvsagt å gjera det, og no håpar me – og forventar – at landbruksministeren raskt følgjer opp med eit vedtak og ei ordning i tråd med det Stortinget legg opp til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
