Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. mar 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 19. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg kan ta ein replikk til, i tilfelle statsråden skulle koma på meir han hadde lyst til å orientera Stortinget om. Det som er viktig for fleirtalet, er prinsippet om at det er marknadsprisen dette skal bereknast ut frå. Me reagerte eller stussa litt på det eine svaret me fekk frå statsråden, der det vart peika på den såkalla målprisen, for det er jo fleire typar løk det ikkje finst målpris på. Det er klart at erstatninga må vera avhengig av kva verdien er på den løken ein produserer, og det er bakgrunnen for det valet som er gjort i forslag til vedtak. Eg trur intensjonen frå fleirtalet er veldig klar, og slik eg høyrer signala her, vil det verta følgt opp på ein god måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat