Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mar 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 19. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Denne saka skulle me eigentleg ha sloppe å behandla her i dag. Det enklaste og beste var om Stortinget stod fast på det gode vedtaket frå desember i fjor, der me altså vedtok å utsetja innføring av dei nye grenseverdiane for kadmium i løk med eitt år, noko som ville ha gjeve løkprodusentane tid til å områ seg. Sånn gjekk det dessverre ikkje, for stortingsfleirtalet snudde og ville innføra dette EU-regelverket i år likevel. Det skapte stor usikkerheit, ikkje berre for løkbøndene rundt Mjøsa, som jo risikerer å vera uheldige med kadmiuminnhaldet, men for alle norske matprodusentar. For det signalet Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og MDG då sendte, var at Stortinget utan forvarsel kan koma til å endra rammevilkåra for matprodusentar og dytta risikoen over på bøndene. Det er ikkje haldbart, særleg ikkje i ei tid då me må produsera meir mat på norske ressursar og gjere Noreg meir sjølvforsynt. Regjeringas forslag til kompensasjonsordning var på ingen måte god nok den heller, og eg er glad for at stortingsfleirtalet no ordnar opp og sørgjer for at staten stiller opp med den nødvendige risikoavlastinga. Me har jobba godt i lag for å stilla opp med ein høgare kompensasjonsgrad – og samtidig ramma inn i ordninga sånn at det er den faktiske produsentprisen som skal leggjast til grunn, og at det ikkje er eit maksimaltak per produsent. Så vil eg kommentera eit par ting som er blitt sagt i debatten så langt: Dette er altså ikkje eit spørsmål om det skal tillatast store mengder tungmetall i norsk mat eller ikkje. Me snakkar her om eitt års utsetjing, fordi regjeringa i lang tid har late vera å arbeida for nødvendige tilpassingar som kunne ha løyst denne saka i utgangspunktet. Det er altså ikkje mogleg for løkprodusentane å berre snu seg rundt rett før løken skal setjast i jorda, og motverka det som kan vera tilfeldige og uføreseielege utslag av at grunnen inneheld alunskifer. Så ja, me er veldig for kalking og alt det der, men det er altså ikkje nødvendigvis mogleg å unngå dei litt uføreseielege utslaga som dette kan gje, på så kort varsel. Her er det regjeringa og stortingsfleirtalet som må ta ansvar, og heldigvis har me eit stortingsfleirtal som gjer akkurat det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat