Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Meir enn 40 pst. av norsk løkproduksjon blir ramma av det nye, strenge EU-kravet om å senke grenseverdien for kadmiuminnhold i løk, som trer i kraft frå 1. juli i år, etter at ei utsetting av kravet til 2027, som Stortinget først gjekk inn for, likevel ikkje skal gjelde. All den tid det er politisk bestemt at innstramminga ikkje kan vente eitt år, og bønder som slit med å oppfylle det nye EU-kravet, blir utsett for potensielt store økonomiske tap, er det på sin plass at Stortinget ber regjeringa kome tilbake til oss med forslag til ei god og rettferdig kompensasjonsordning. Norske løkbønder er sette i en svært vanskeleg situasjon på grunn av eit firkanta og unødvendig politisk inngrep. Når Stortinget først går inn for å utsetje kravet med eitt år, er det useriøst å snu igjen med ein gang, berre for å skape utryggleik ved å sende blanda signal til bøndene. Norske løkprodusentar klarer seg i stor grad utan omfattande statlege overføringar. Difor er det svært uheldig at staten skaper unødvendige politiske svingingar som undergrev grunnlaget for ordinær drift. Matproduksjon krev langsiktig planlegging, og det blir det vanskeleg å gjennomføre når politikarane på Stortinget endrar mening frå uke til uke. No ber vi staten ta økonomisk ansvar, etter sjølv å ha skapt eit økonomisk tapspotensial for næringa. Det skal skje i form av ei midlertidig kompensasjonsordning, og utan å skape nye, langvarige subsidie- eller kompensasjonsordningar i landbruket.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
