Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Psykisk helsevern i Noreg har ikkje først og fremst eit planproblem, det har eit kapasitetsproblem. Altfor mange pasientar møter stengde dører, altfor mange møter fulle avdelingar, og altfor mange står på venteliste så lenge at livet kan rakna før hjelpa kjem. Dette er realiteten. Likevel svarar regjeringa igjen og igjen med nye planar, nye strategiar og nye rundar med utgreiing. Framstegspartiet meiner dette er feil medisin. Me treng ikkje fleire dokument som gir inntrykk av handling. Me treng handling som gir behandling, og difor er Framstegspartiet tydeleg i denne saka. Me støttar forslag som kan gi meir hjelp i praksis, meir behandlingskapasitet, fleire døgnplassar, fleire langtidsplassar og sterkare døgnbasert behandling for menneske med rus og samansette psykiske lidingar. Når døgnplassar blir lagde ned, blir ikkje problema borte, dei blir berre flytta ut i kommunane, over på pårørande eller ut på gata. Nokre stader i landet får sentralisering av tilbod enda meir alvorlege konsekvensar. Når lokale DPS-tilbod blir lagde ned, kan pasientar i krise måtte reisa langt for å få hjelp. I distrikta kan det bety timar på vegen. Uroa rundt DPS Tynset, f.eks., viser kva dette handlar om i praksis. Då blir prinsippet om behandling nær der folk bur, svekt. Framstegspartiet meiner det på tide å snu utviklinga, og me vil ta i bruk all kapasitet som finst, også private og ideelle aktørar. Me vil styrkja samhandlinga mellom tenestene, og Framstegspartiet meiner det må vurderast å gjenopna eller vidareføra døgnbaserte tilbod som er lagde ned, når behovet openbert framleis er der. Det som derimot ikkje gir raskare hjelp, er fleire planar oppå planar. Forslag om nye handlingsplanar og nye forsøksprosjekt kan høyrast handlekraftig ut, men i praksis risikerer dei å bli ein politisk runddans der pasientane står igjen og ventar. Framstegspartiet seier det rett ut: Psykisk sjuke menneske treng ikkje fleire prosjekt, dei treng ei seng, ein fagperson og eit behandlingstilbod som faktisk finst. Difor seier FrP nei til forslag som vil gi fleire planar, men ikkje fleire plassar. Samtidig er det viktig å seia at FrP støttar eit styrkt og meir heilskapleg tilbod til pasientar med spiseforstyrringar. Det er bra at komiteen står samla om dette, men også her gjeld det same prinsippet: Ord hjelper lite dersom behandlingstilbodet ikkje er tilgjengeleg når sjukdomen er på sitt mest alvorlege. Framstegspartiet sitt bodskap er enkelt: mindre politisk pynt, meir reell prioritering, mindre venting, meir behandling – for psykisk helsevern skal ikkje vera eit løft på papiret, det skal vera hjelp i verkelegheita. Eg tar opp forslaga til Framstegspartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
