Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for ein kort, men god debatt. Eg kan seia med ein gong at siste ord ikkje er sagt i denne saka, uansett utfallet av dagen i dag, for å seia det sånn. Eg vil avslutta med noko eg håpar me alle kan vera einige om, uansett kva standpunkt me har når det gjeld dei faglege spørsmåla: at menneske som lever med store smerter, fortener respekt, at dei fortener tryggleik, og at dei fortener ei helseteneste som faktisk er til å stola på. Når me får høyra om korleis kvardagen deira ser ut, korleis smerter pregar søvn, arbeid, familieliv og alt som er normalt for dei fleste av oss, trur eg ikkje dette handlar om ueinigheit. Det handlar om at me som ansvarlege folkevalde må sørgja for at systemet rundt dei er klart, trygt og forståeleg. Me veit at kunnskapen finst, og me kan få innhenta endå meir kunnskap. Me veit at andre land har gode erfaringar. Då må me hausta erfaringar derifrå. Me veit òg at når rammene er tydelege, skaper det tryggleik for både pasientar og fagfolk. Difor er det viktig at me tek signal frå pasientar, pårørande og fagpersonar på alvor. Dei ber ikkje om noko radikalt. Dei ber om at døra ikkje skal vera stengt før dei i det heile teke får banka på. Eg håpar at statsråden tek med seg dette vidare – ikkje fordi debatten krev det, men fordi menneska dette handlar om, treng det. Det er heilt vanlege menneske som berre ønskjer litt meir av det me andre tek for gjeve: lindring, kvile og ein kvardag som er til å leva med.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 26. mar 2026 — OverStortinget