Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Nokre saker legg seg som ei tung skugge over eit samfunn. Varhaug-saka er ei slik sak. Dette er ei historie som sit i kroppen, ei historie som luktar av frykt, svik og stillheit. Gjennom fleire tiår gjekk sårbare menneske til behandling hos ein psykolog dei trudde skulle hjelpa dei. I staden blei dei utsette for grove seksuelle overgrep. VG si gravejournalistikk har vist korleis psykologen manipulerte og utnytta pasientane sine over lang tid. I podkastserien Dukkemannen blir det skildra korleis han manipulerte og forgreip seg på sårbare pasientar over fleire tiår. Det er eit sterkt arbeid, og det fortener ros, for utan slik journalistikk kunne mykje framleis ha lege i mørket. Dette er ikkje berre historia om ein overgripar, det er historia om eit system som svikta. Pasientar varsla, saker blei kjende, og likevel fekk dette halda fram. I ettertid er det dokumentert at politiet ikkje gjekk breitt nok inn i saka, og at alvorlege varsel ikkje blei undersøkte på ein måte som kunne stoppa overgrepa tidlegare. Konsekvensane er knapt til å ta inn. Menneske har fortalt at livet deira tok ei heilt anna retning, at relasjonar rauk, at helsa braut saman. Nokre blei så øydelagde at dei ikkje såg nokon annan utveg enn å ta sitt eige liv. Det er realitetar me ikkje kan snakka oss vekk ifrå. I Stortinget blei det slått fast at dette er ei sak i ein klasse for seg, og at staten har eit særleg ansvar når pasientar i offentleg behandling blir utsette for slike overgrep. Det blei vedteke at offera skal få ei eiga erstatningsordning. Eit knapt fleirtal samla seg om at staten måtte ta ansvar, etter fleire tiår med svikt. Det var rett, det var nødvendig, men det var faktisk ikkje nok. For sjølv etter vedtaket opplever mange av dei ramma at ventetida held fram, at svara er uklare, at oppreisinga framleis ligg framfor dei. Bak juridiske formuleringar og utgreiingar finst det menneske, menneske som har levd med skam og smerte i tiår, menneske som trudde dei skulle få hjelp, men i staden blei brotne ned. Difor handlar oppfølginga av Varhaug-saka om meir enn lovteknikk. Ho handlar om rettferd, om verdigheit, om at staten faktisk står ved ansvaret sitt når systemet sviktar. For kva slags tryggleik kan me lova dei som i dag søkjer hjelp, dersom slike saker får bli liggjande utan oppgjer? Dette er ikkje berre ei historisk sak. Det er ein prøvestein på om staten evnar å rydda opp når det verkeleg gjeld. Difor er spørsmåla enkle: Når kjem erstatningsordninga på plass? Når kjem ei tydeleg statleg orsaking? Og kva vil regjeringa gjera for å sikra at ein slik systemsvikt aldri kan utvikla seg igjen? For sterke ord utan handling blir berre nye svik.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat