Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka statsråden for svaret. Viss eg tolka det rett no, kan me slappa litt meir av, for statsråden lova at det vil koma noko i revidert nasjonalbudsjett. Då får eg håpa at offera i Varhaug-saka endeleg kan få lov til å prøva å gå vidare i livet. Uansett: Veldig mykje av det statsråden har sagt, vil då gjelda alle saker. Det eg har teke opp, gjeld Varhaug-saka. Problemet er at offera ikkje kan leva av forståing og prioritering på papiret. Eg har treft dei, og det går ikkje an å beskriva den lidinga som ligg i desse personane som faktisk har måtta venta i så lang tid for å få ei oppreisning. Det er difor ikkje godt nok å svara at dette må greiast ut. Me snakkar her om ei handfull menneske. Fleire av dei er no eldre, nokon er alvorleg sjuke, og nokon er suicidale. Me veit ikkje kor mange dei er. Det blei fanga opp at det var ca. 14 stykk tidlegare. Det er ein jobb som må gjerast. No gjeld det iallfall dei som har stått fram, og då er det faktisk viktig at me følgjer det opp og tek det opp som ei hastesak. Det er ikkje berre FrP som reagerer på dette. Kontrollkomiteen har peika på at regjeringa ikkje synest å ha ein klar framdriftsplan for å koma tilbake til Stortinget. Eigentleg vil eg avslutta no, for statsråden overraska med å koma med eit positivt svar, som eg skal ta med meg vidare i debatten. Så håpar me at me får ei god løysing på det så snart som mogleg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat