Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Joakim Myklebost Tangen
Joakim Myklebost Tangen
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Folk står no ved pumpene og fyller drivstoff til skyhøge prisar, og vi har nyleg fått ein skrekkeleg rekord. Drivstoffprisane i Noreg har altså bikka 30 kr literen. Dette er ikke fjern statistikk. Dette er kvardagen til folk. Det er ikkje eit problem vi kan sitje og håpe på at skal gå over. Det er ikkje eit skrubbsår som skal gro. Det er ein akutt situasjon for norske innbyggjarar og for norske bedrifter. Når drivstoffprisane skyt i vêret, stoppar ikkje konsekvensane ved pumpa når det skal betalast. Nei, det spreier seg ut gjennom heile samfunnet. Transportkostnadene aukar, og prisane på varer aukar. Til slutt er det igjen norske hushaldningar som sit igjen med rekninga, den same rekninga dei hadde ved pumpa. Vi får tydelege åtvaringar frå både bygg-, transport- og anleggsbransjen om at dersom dette fortset, kjem konkursane, og at arbeidsplassar står i fare. Arbeidarpartiet er veldig glad i å snakke på inn- og utpust om trygg styring, men er det verkeleg trygg styring å la folk stå aleine med dei prisane vi no ser på opp mot 30 kr literen? Er det trygg styring å sende rekninga rett til dei som allereie slit med å få endane til å møtast? Bilen er ikkje eit luksusgode slik mange gjerne trur, og at folk køyrer bil for artigheit. Nei, slik er det slett ikkje. Bilen er ei nødvendigheit i kvardagen til folk. Dei som blir ramma hardast av dei høge drivstoffprisane, er folk som bur på bygda. Der har ikkje alle heller råd til å kjøpe seg ny elbil, for ein ser jo av statistikken at dei som har god råd, køyrer elbil, mens dei som ikkje har like god råd, beheld den gode gamle bilen sin nokre år til. Alternativa på bygda eksisterer kanskje ikkje heller. Bussen går ikkje. Enkelte plassar veit ein knapt nok kva ein buss er for noko, for dei har aldri sett han. Ein snakkar gjerne om eit kollektivtilbod som skal vere så godt, men mange plassar i Noreg eksisterer ikkje det. Dei som bur på bygda og er avhengige av bilen, er folk som skal levere i barnehagen, skal på jobb, skal handle på butikken. Som eg sa, er det ingen andre alternativ, og då må dei stå ved pumpa og fylle for 30 kr literen. Det er dei som blir ramma hardast av dette. Dei står no ved pumpene og fyller til skyhøge prisar, og her sit vi i Stortinget og har moglegheita til å gjere noko med det. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at folk blir flådd. Vi har eit ansvar for å lette presset på folk, for å sikre arbeidsplassar og for å ta ansvar i ei krevjande tid.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Joakim Myklebost Tangen (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 26. mar 2026 — OverStortinget