Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

34:03] (leiar i komiteen): I denne saka har det kome inn svært mange høyringsinnspel som slår fast det som vi i Senterpartiet har vore opptatt av lenge, at opptrappingsplanen for psykisk helse ikkje vert følgt opp i praksis. Det skjer mange plassar ei reell nedbygging av tilbod. Norsk Sykepleierforbund tar til dømes opp høg avvisingsrate, korte behandlingsforløp, utilstrekkeleg poliklinisk kapasitet, samtidig som det skjer ei nedbygging av døgntenester og ikkje-lovpålagte tenester. Legeforeininga er òg bekymra for nedlegging av langtids døgnplassar i psykisk helsevern, og Pårørandesenteret skriv i sitt høyringsinnspel at pårørande vert meir og meir overlatne til seg sjølve. Det er behov for ei for ei reell prioritering av psykisk helsevern, for dersom ikkje vil det gå ut over nokre av dei aller mest sårbare pasientgruppene, med stor risiko for uhelse og død, slik som unge med spiseforstyrringar, alvorleg psykisk sjuke pasientar med samtidig rus- og psykisk liding, dei som treng hjelp frå sikkerheitspsykiatrien, men òg barn på barnevernsinstitusjon og innsette i fengsel, som har stort behov for psykisk helsehjelp, men som ofte ikkje får det på ein god nok måte. Sånn kan det ikkje fortsetja, fordi det er veldig alvorleg. Takk til SV som fremja dette representantforslaget. Senterpartiet støttar framlegget med visse endringar i ordlyden. Vi støttar forslaget om ei midtvegsevaluering av opptrappingsplanen for psykisk helse, og vi støttar forslaget om ein ny og forsterka opptrappingsplan, basert på denne midtvegsevalueringa. Vi støttar òg forslaget om eit styrkt døgnbasert og tverrfagleg behandlingstilbod for personar med rus og psykisk liding, og vi støttar forslaget om ei kraftig styrking av behandlingskapasiteten innan psykisk helse og rus, med særleg vekt på døgn- og langtidsplassar. Og vi kjem altså til å støtta dei forslaga vi står inne i i innstillinga. Så vil eg trekkja fram forslaget om ei styrkt og heilskapleg tilbod til pasientar med spiseforstyrringar, inkludert poliklinikk- og døgntidtilbod, med særleg vekt på kompetansebygging i kommunane. Senterpartiet har fått fleire innspel frå både enkeltpersonar og fagmiljø som er fortvila over dagens situasjon. Stadig fleire unge får alvorleg spiseforstyrring, samtidig som helsetilbodet for dei med spiseforstyrringar vert kutta i. For eksempel skal Regional seksjon for spiseforstyrrelser i Oslo, ved Oslo universitetssjukehus, kutta 20 mill. kr i år, og heile klinikken for psykisk helsevern skal kutta opp mot 100 mill. kr. Dette kjem trass i at regjeringa i valkampen lova eit krafttak mot spiseforstyrringar. Tilbodet til dei med spiseforstyrringar må no verta ein sentral del av ein forsterka opptrappingsplan for psykisk helse, fordi det er viktig, og fordi det kan redda liv. Eg tek opp forslaget frå Senterpartiet og Raudt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat