Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Stadig fleire unge får alvorleg spiseforstyrring. Regjeringa har gått ut og varsla eit krafttak for behandlingstilbodet til dei med spiseforstyrring. Det kjem samtidig som at ein i Regional seksjon for spiseforstyrringar i Oslo må kutta 20 mill. kr i år, noko som utgjer 20–25 tilsette, som er heile 16 pst. av budsjettet deira. Det står jo ikkje i stil med det som regjeringa lovar, og det som faktisk skjer i tenesta. Særleg alvorleg synest eg det er når det gjeld spiseforstyrringar, som jo er den mest dødelege psykiske sjukdomen barn og unge kan få. I Bergen har dei åtte døgnplassar som skal betena heile Vestlandet, altså Rogaland og Vestlandet. Eg vil spørja statsråden om han synest at dette er eit godt nok tilbod.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat