Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden nemner ROS, men dei har jo tvert imot måtte kutta i tilsette og kutta i tilbodet sitt – dei har ikkje fått ei styrking. Så det er spesielt å høyra. Eg synest òg at det er vanskeleg å ta på alvor at statsråden seier at ein no skal byggja opp behandlingstilbodet, når den nemnte Regional seksjon for spiseforstyrringar, som er «spisstilbodet» for dei som er mest alvorleg psykisk sjuke, får eit så drastiske kutt i budsjettet sitt. Vi veit at det er på grunn av at ein må spara pengar for å byggja det nye Oslo universitetssjukehus. Det viser den alvorlege konsekvensen av denne finansieringsmodellen. Er ikkje statsråden einig i at viss ein vil ha eit krafttak for spiseforstyrringsbehandling, må ein, som eit minimum, skjerma desse behandlingstilboda?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
