Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Det vi trur på, er at når ei regjering går ut og lovar 430 nye døgnplassar innan psykisk helsevern, ligg dei pengane i budsjettet. Når vi så ser at helseføretak på tross av dette kuttar i døgnplassar – i Seljord, på Tynset, i Oslo universitetssjukehus – må vi stilla spørsmål til ansvarleg statsråd. Det er òg det som er bakgrunnen for heile dette representantforslaget, at vi må få ein ny og reell opptrappingsplan, for vi ser at det går i gal retning. Det vart lova 2 mrd. kr til spiseforstyrringar i valkampen. Vi ser jo ikkje kvar dei pengane vert plasserte. Når det gjeld dei 430 nye sengene til døgnplassar, har ikkje vi fått ei dedikert sak på kvar vi skal sjå dei vert plasserte. Det vert vist til nokre planar i helseføretaka. Når vi tar opp heilt konkrete kuttforslaga, får vi alltid det same svaret: Her må vi stola på den overordna vurderinga til helseføretaka. Eg veit ikkje om statsråden ser det, men dette er det veldig mange som reagerer på, både pasientar og dei som jobbar i dette feltet. Dette er også bakgrunnen for dette representantforslaget frå SV, som eg synest er veldig bra. Det er utruleg flott at det er så mange fleirtalsvedtak i denne saka, om bl.a. å få både ei evaluering og ein ny og forsterka opptrappingsplan. Til representanten Østensen, som viser til eit forslag frå Arbeidarpartiet om ein modell for korleis ein kan organisera psykisk helsevern i ei meir samanhengande behandlingskjede mellom kommunar og sjukehus. Poenget er at det forslaget berre omhandlar eit forsøksprosjekt. Vi, som er Senterpartiet og Raudt, har eit anna forslag i innstillinga, forslag nr. 5, der vi eigentleg seier det same, men vi ber kort og godt regjeringa fremja tiltak som vil sørgja for at dette gjeld i heile landet, og ikkje berre er eit enkelt forsøksprosjekt. Så viss Arbeidarpartiet og SV stemmer for vårt forslag, vil det faktisk kunne få fleirtal. Så eg vil oppmoda Arbeidarpartiet om å gjera det. Eg håpar elles at vi framover kan ha ein debatt der vi ikkje driv og karakteriserer kvarandre. Det tar vekk fokuset frå det som er saka, som er ei utruleg stor utfordring. Den 14. april kjem Riksrevisjonen med ein ny rapport, om tilbodet i psykisk helsevern til barn og unge, så vi får nok fleire debattar i Stortinget framover om denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat