Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vi ber ikkje om ein raskare opptrappingsplan. Opptrappingsplanen er god, men poenget er at han ikkje vert følgt opp. Det er signala vi får. Når det gjeld DPS-en på Tynset og lågt belegg, har dei på Tynset gått frå ti plassar, til fem plasser, til tre plassar, til to plassar og til éin plass. Poenget er at det vert ei svekking av tilbodet, noko som gjer at ein ikkje får den krafta i tilbodet. Det handlar òg om politisk vilje: Skal vi ha desentraliserte tilbod i Noreg eller ikkje? Så til det som ingen, i alle fall ikkje statsråden, snakkar om: finansieringsmodellen. I dag vert sjukehusa finansierte ved at dei sjølve må betala for investeringane. Veldig mange av kutta – og i psykisk helsevern – kjem fordi ein må kutta for å få råd til å betala for nye sjukehus, f.eks. det nye sjukehuset i Oslo. Difor ville vi ha fortgang i å skilja investering og drift, fordi det går ut over pasienttilbodet til veldig mange sårbare grupper.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
