Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
55:19] (leiar i komiteen): Frivillige og ideelle organisasjonar er veldig viktige i samfunnet vårt, og særleg viktige på helsefeltet. Vi har ei tilskotsordning som er omfattande, og som ein treng forbetringar av. I innstillinga kjem det fram korleis Senterpartiet stemmer. Vi støttar at det vert gjort ein gjennomgang av tilskotsordninga. Vi støttar forslaget om forbetringar på ulike felt, f.eks. raskare saksbehandling, at vi kan få meir bruk av fleirårige tilskot, at ein klarer å samordna tilskotsordningar på tvers av direktorat og fagfelt, og at ein kan redusera tidsbruken og rapporteringskravet, iallfall slik at det ikkje vert meir enn nødvendig. Ein del av forslaga i innstillinga gjeld ideelle organisasjonar. Der ligg det òg ein del representantforslag – litt tilsvarande. Eg håpar vi kan få fleirtal for nokre. Dette er jo politikk. Domen frå Høgsterett har no vist at ein har lov å særbehandla og å ha eigne anbodsrundar. Forslaget frå Arbeidarpartiet, som òg Senterpartiet er med på, seier at ein skal følgja opp denne domen og sikra at «helseforetakene ved kjøp av private tjenester reserverer disse til ideelle aktører der det er hensiktsmessig», men det ligg jo litt i korleis ein tolkar kva tid det er hensiktsmessig. Vi meiner at ein skal bruka skjerma anbod, og at det ikkje skal vera opp til føretaka å bestemma det ut frå litt ulike omsyn dei tar. Eg tenkjer det kan vera eit politisk styringssignal at det er ein slik praksis vi ønskjer, for det betyr enormt mykje om vi skal ha ein ideell sektor i fortsetjinga. Det er òg to andre forslag – eitt om eit innovasjonsfond, frå KrF, og eitt frå SV, Raudt og KrF, om å bruka heile handlingsrommet. Eg tenkjer dette er veldig viktige forslag i saka. Så til dei lause forslaga frå SV, om Ønsketransporten og om ei overgangsordning for dei som har hatt fast plass på statsbudsjettet, men no ikkje kjem inn i ei tilskotsordning. Vi meiner at dette må ein ta opp i revidert. Forslagsteksten meiner vi er ivaretatt i forslag nr. 1. Eg vart no litt usikker på korleis stemmegivinga eigentleg går. Vi er opptatt av ein gjennomgang. Vi får sjå kva årstal det vert fleirtal for. Eg tar opp forslaget frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
