Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Som lege gjennom 35 år har eg måtta forhalde meg til mange med psykiske lidingar. Òg i kirurgien er det sånn at dei med psykiske lidingar er sjukare på området vårt. Det var ein psykiater som sa til meg ein gong at dei aller fleste psykosane skjer på kirurgisk avdeling, og når eg tenkjer meg om, er det faktisk mykje sanning i det. Vi er ikkje alltid like flinke som psykiatrar til å handtere det, men det er ei anna sak. Vi skulle gjerne ha vore betre. At vi treng ei styrking av psykiatrien, er eg ikkje i tvil om, og spesielt gjeld dette døgnplassane. Vi har sett korleis ein ny rettspraksis utfordrar dei kravde døgnplassane for dei med verkeleg alvorlege lidingar. Sjølv om kutta er reelle nokon plassar, er det jo mange gonger at det er dette som er utfordringa – at dei som er verkeleg alvorleg psykisk sjuke, blir fortrengde av dei som er dømde til tvungent psykisk helsevern. Dette må vi ta tak i. Helseministeren har nok litt rett i at det er ei viss opptrapping, men det står berre ikkje i forhold til behovet, og det må vi gjere noko med. Det er mange som har fokus på førebygging. Eg er heilt einig i at førebygging er kjempeviktig, og det verste er at det til og med er ganske effektivt. Der har eg noko i debatten som eg må seie eg er veldig opptatt av. Det er at vi må tryggje kvar og ein i Noreg for at dei kan bidra i akkurat dette. For dei med lettare psykiske plager, men òg for dei som er i alvorlege kriser, vil det for dei aller fleste ha størst effekt å vere i sitt eige nettverk og bli tryggja av dei som er rundt dei. Dette må vi òg snakke om. Det sparer dei som verkeleg treng det, og det gjev dei kortare ventetid viss vi kan utnytte det kjempepotensialet som er der. Nabokjerringa, kameraten og veninna som berre er der, som lyttar – det er kjempeviktig. Vi må ikkje gløyme det i denne debatten. Det står ikkje i motsetnad til at vi ikkje minst må styrkje døgnplassane – som vi i MDG òg var med på, og det var litt av min hjartesak i budsjettforhandlingane – men det kjem i tillegg. Betre samhandling er viktig. Vi ser kanskje spesielt i dei større byane, men til dels òg ute på landet, at samhandlinga ikkje er god nok. Her er bruk av FACT-team ein av mange faktorar. DPS-ane har ei sentral rolle. Det må vi ha med oss heile vegen. Det er viktig at vi følgjer opp, og at vi, som opposisjon, følgjer opp med helseministeren at opptrappingsplanen blir tatt ordentleg tak i. Så er det viktig til slutt at vi har trygge behandlarar som ikkje driv med meir utgreiing enn det som er nødvendig, og heller ikkje meir behandling enn det som er nødvendig, for det gjev kortare ventetider for dei som treng det aller mest.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat