Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mar 2026

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10
Innlegget
MDG vil i hovudsak støtte fleirtalstilrådinga, med unntak av I. Det er snart påske, så eg skal ikkje bruke for lang tid. Her er det mest ei stemmeforklaring frå ein stakkar som står utanfor komiteen. Vi meiner sjølvsagt, i likskap med dei andre her, at frivillige og ideelle har stor betydning, men det er også viktig at det er økonomisk føreseieleg, ikkje minst for dei som no står utan moglegheit til å søkje fordi kriteria ikkje stemmer. Dette er det viktig at vi får på plass innan 2027, og vi vil difor stemme for det lause forslaget frå SV. Vi stemmer for forslag nr. 2, frå Arbeidarpartiet, for vi meiner det er for kjapt å få gått gjennom alle ordningane til budsjettet i 2027. Vi prøvde å finne fram til ei felles tilråding på raud-grøn side. Det var dessverre vanskeleg, men eg trur vi likevel kjem til ei løysing som skal vere handterbar. Riktig god påske!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat