Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. apr 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ein grunn til at stridsvognene går på diesel. Alt forsvarsmateriell går på diesel fordi det er heilt avgjerande i ei krise og ein krigssituasjon. Det er ein grunn til at dei fleste ambulansar og utrykkingskøyretøy går på diesel – og til og med på piggdekk om vinteren, ser eg, også her i Oslo. Det er det ein grunn til: Det er for at beredskapen skal fungere. Noreg tek mål av seg til å verte verdsmeistarar i alt som er dyrt, både drivstoff, straum og det meste, men ein skal òg vere verdsmeistarar i å imøtekome og innfri klimakrava og Parisavtalen. Ein aukar no til 70–75 pst. som ein skal dekkje inn innan 2035, og ein presterer å unnlate å ta skogen til inntekt for det, noko som kunne ha gjort at vi innfridde krava for lenge sidan. Kva gjer andre land? Kva skal Kina innfri? Jo, 7–10 pst. til 2035. Sånn kunne ein ha fortsett med ein del andre land – om det er i promille eller prosent, veit eg ikkje; det er så lite at det nesten ikkje er målbart – men vi skal altså redde verda i eit bitte bitte lite land som Noreg. Det er det vi i FrP er klare på. Fleire parti i denne salen lagar eit himla spetakkel fordi vi kuttar drivstoffprisane i ein situasjon der næringslivet, transport-, bygg og anleggsbransjen, no omtrent går dukken. Kva er beredskap? Jo, landbruksnæringa er beredskap. Transportnæringa er beredskap. Alle varene og tenestene som er på vegane i dag, er beredskap, og dei har ikkje anledning til å kunne bruke nullutsleppskøyretøy. Då går dei iallfall konkurs, dei som no held på å gå konkurs på grunn av høge drivstoffprisar. Alt er beredskap, og å påleggje fylkeskommunane og kommunane at alle offentlege køyretøy skal vere nullutslepp, kva medfører det av kostnader for fylkeskommunane? Berre på ferje og buss er det mykje høgare utgifter som vert påførte fylkeskommunane og kommunane enn dei 6,5 mrd. kr som no blir brukte for å kutte ned på drivstoffkostnadene til næringslivet – mykje høgare. Berre i mitt eige fylke, som er eitt av dei største ferjefylka, er det enorme kostnader på ferje og på buss som staden ikkje i det heile dekkjer inn. Dei må dekkje dei sjølve, gjennom å kutte i tenester på andre område, og sånn er det over heile Noreg. Beredskap er ganske mykje. Difor er eg veldig skuffa over at Senterpartiet spesielt ikkje støttar opp om dette. Det rammar distrikta, det rammar moglegheita for å kunne bu og leve i heile Noreg, og det rammar beredskap, som omfattar veldig mykje.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat