Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. apr 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Senterpartiet deler utgangspunktet om at beredskap og sikkerheit må vere grunnleggjande omsyn i transportpolitikken. For det fyrste støttar Senterpartiet forslaget om å stoppe innkjøp av kritisk infrastruktur frå land Noreg ikkje har eit sikkerheitspolitisk samarbeid med. Dette er eit standpunkt Senterpartiet har vore tydeleg på over tid. Kritisk infrastruktur må vere under nasjonal kontroll, og anskaffingar må vurderast i eit sikkerheitspolitisk perspektiv. Når det gjeld forslaget om å oppheve forskrift om utsleppskrav til køyretøy ved offentlege anskaffingar, meiner Senterpartiet at dette ikkje vil gje noka reell styrking av beredskapen. Det er klare unntak i regelverk, bl.a. for Forsvaret, blålysetatane og køyretøy tilpassa personar med nedsett funksjonsevne. Regelverket gjev åtgang til å fråvike krav der nullutsleppsløysingar ikkje dekkjer det faktiske behovet, men det kan verke som om dette ikkje fullt ut er utnytta av fylka i dag. Senterpartiet er òg ueinig i forslaget om å oppheve særskilte klimakrav i offentlege anskaffingar generelt, men det er avgjerande at krava kan tilpassast lokale forhold. Det som fungerer i byområde med korte avstandar og god infrastruktur, fungerer nødvendigvis ikkje i alle distrikta våre. Difor fremjar Senterpartiet eit eige forslag om å gjennomgå klimakrava, med mål om større rom for lokale tilpassingar og betre kostnadseffektivitet. Når det gjeld kollektivtransport, skuleskyss og pasientreiser meiner Senterpartiet at løysinga ikkje er å fjerne nullutsleppskrava generelt, men å stille tydelegare krav til beredskap der nullutsleppskøyretøy brukast til kritiske samfunnsoppgåver. Til slutt: Når det gjeld vinterdrift er Senterpartiet oppteke av at trafikksikkerheit, regularitet og beredskap alltid må gå framfor teknologi. Det er viktig å sikre at eventuelle nullutsleppskrav ikkje svekkjer vinterberedskapen. Vi har eit forslag saman med Høgre som varetek dette. Senterpartiets linje i denne saka er å kombinere klimaansvar med realisme, beredskap og lokale tilpassingar. Eg tek dimed opp dei forslaga Senterpartiet er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat