Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka saksordføraren for ein fin gjennomgang og kloke ord om at dette er ei sak som engasjerer komiteen og alle parti. Eg trur nok det er sånn at me som sit i kommunalkomiteen, er opptekne av lokalt sjølvstyre. Kommunalministeren og Kommunaldepartementet er òg opptekne av det. Me kan sjå rundt oss på alle nivå, òg på kollegaer, at ein er veldig oppteken av akkurat den ordninga, den øyremerkinga, den regelfestinga. Det viser kanskje litt av kompleksiteten i akkurat dette spørsmålet – at sjølv om veldig mange er einig i at styringstrykket i stort er for høgt, og at detaljstyringa frå staten er for stor, er det alltid nokon som passar på kvar enkelt post, kvar enkelt ordning, og kjempar med nebb og klør for dei. Det ser me både når saker er på høyring og kommisjonar kjem med forslag, at det ikkje er enkelt å gå tilbake, sjølv om dei aller fleste nok er einig i at det har gått for langt. Òg i vårt parti – eg trur vi skal vera så ærlege – har me bidrege til å lovfesta rettar, detaljstyra og øyremerkja fordi ein har eit ønske om å gjera livet betre for folk der ute. Og så er ofte omsynet til folk større enn omsynet til det kommunale sjølvstyret frå denne salen. Eg trur alle skal vera ærlege om at det har ein bidrege til. Frå Framstegspartiet si side er me veldig opptekne av eldreomsorg og låg eigedomsskatt. Det er område der me ønskjer å lovfesta rettar, bruka lovverket for å sikra at innbyggjarane skal få gode tenester, og at dei skal ha låge skattar. Men så er det andre område der me ønskjer å gje kommunane langt meir fridom, f.eks. innanfor arealpolitikken. Der meiner me at det statlege styringstrykket er spesielt sterkt. Der er det veldig mange sektorinteresser som får vetorett fordi lova seier at den saka er viktigast, og difor fremjar ein motsegner. Difor er Framstegspartiet veldig opptekne av at me skal ha meir lokalt sjølvstyre spesielt i arealpolitikken. Den myndigheita statsforvaltarane har til å koma med motsegner, er noko som har plaga både oss og lokalpolitikarane – ved at terskelen er for låg for å fremja motsegner. Sjølv om representantar frå Arbeidarpartiet seier at dei har heva denne terskelen, er ikkje opplevinga til lokalpolitikarane at dei har større handlingsrom. Opplevinga er at motsegner blir brukte. Det blir sagt at ein ønskjer å fremja motsegner, og ein blir ofte pressa til å dempa lokale ønske fordi ein skal tilfredsstilla statsforvaltaren. Difor er me veldig glade for at det kan sjå ut til at eit fleirtal på Stortinget gjev eit tydeleg signal om at terskelen for motsegner skal hevast. Det er noko Framstegspartiet gler seg veldig over. Med det tek eg opp forslaga nr. 4 og 5.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
