Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. apr 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mudassar Kapur, Erna Solberg, Tage Pettersen, Kari Sofie Bjørnsen, Erlend Larsen og Nikolai Astrup om bedre tjenester for innbyggerne gjennom mindre statlig detaljstyring (Innst. 195 S (2025–2026), jf. Dokument 8:52 S (2025–2026))

Innlegget

Eg skal ikkje tala på vegner av Høgre, men eg trur nok Framstegspartiet trivast betre med å sitja i posisjon, for faktisk å kunna føreslå endringar og gjennomføra endringar. Men når me ikkje er i posisjon, skal me sjølvsagt passa på at me bidrar til dei fleirtala me kan, for å pressa regjeringa til å jobba endå fortare med forenklingar i plan- og bygningslova. Me registrerer at denne regjeringa har hatt ekstremt mange kommunalministrar og veldig få forslag til Stortinget om forenklingar. Kva tid kan me forventa å få nokre forslag, nokre proposisjonar og nokre lovendringar – ikkje berre snakk om forenklingar, men faktisk konkrete forslag om forenklingar i plan- og bygningslova? For no har ein, med ulike kommunalministrar, snakka mykje om dette, men ein har enno ikkje fremja konkrete forslag til Stortinget. Kva tid kan me forventa å få noko på bordet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat