Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det må vera lov til å tenkja seg om både ein og to gonger før ein brukar fjordane våre som avfallsplassar. Det er no over ti år sidan Nussir fekk løyve frå Solberg-regjeringa til å dumpa 30 millionar tonn gruveavfall i Repparfjorden. Repparfjorden er ein nasjonal laksefjord med viktige gytefelt for kysttorsk. Området rundt gruva er viktig for den samiske reindrifta i området. Det er ein grunn til at lova opnar for at utsleppsløyve kan trekkjast tilbake etter ti år. Situasjonen i dag er ikkje den same som for ti år sidan. Naturkrisa har forverra seg, fiskebestandane i nord har blitt reduserte kraftig, og Nussir er blitt selt til eit kanadisk gruveselskap. Det går no føre seg ei sak i rettssystemet om ei liknande sak om løyvet som blei gjeve til Nordic Mining i Førdefjorden. Miljøorganisasjonane vann den saka i tingretten. Det er ikkje usannsynleg at òg løyvet til Nussir er ugyldig. Nussir ASA bekreftar at selskapet i 2025 starta opp aktivitet i området utan nødvendige løyve. Det viser manglande respekt for norsk lov, noko som òg taler for å trekkja tilbake utsleppsløyvet. Det er eit grunnleggande problem når omfattande inngrep og forureinande verksemd får fortsetja på grunnlag av gamle og utdaterte løyve. Slike løyve er ofte utforma etter andre føresetnader enn dei ein står overfor i dag. Både miljøkunnskap, teknologi og vurderingar av naturverdiar har utvikla seg ein heil del sidan den opphavlege godkjenninga blei gjeven. La oss ikkje gjera same feil fleire gonger. Det er på tide å gjera det som er rett. Med det har eg gleda av å ta opp forslaget frå SV, Raudt, MDG og Venstre, om å trekkja tilbake utsleppsløyvet for gruveavfall i Repparfjorden, som blei gjeve til Nussir ASA i 2016.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat