Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. apr 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Når det gjeld EUs sosiale klimafond, som denne saka handlar om, viser klima- og miljøministeren til det arbeidet som er i gang. Arbeidarpartiet meiner at det er fornuftig å venta med avgjerdene til departementa har kome tilbake med sine vurderingar, slik at me kan ta stilling til moglegheiter og utfordringar i lys av forordninga om klimafondet. ETS2 handlar i hovudsak om drivstoff og fossilt brensel. Noreg blir ikkje direkte omfatta av alle elementa i dette systemet, men det kan likevel finnast tiltak me kan dra nytte av, sånne tiltak som kan bidra til å avlasta hushalda som opplever auka kostnader som følgje av klimakutt. Eg trur ikkje befolkninga i Noreg er mindre oppteke av klimakutt enn andre, men når folk må velja mellom å betala for fritidsaktivitetane til barna og å fylla bensin for å køyra dei dit, er det forståeleg at klimaet kjem i bakgrunnen. Samtidig er det mange som nettopp uttrykkjer bekymring for framtida til barn og barnebarn, og for konsekvensane av f.eks. global oppvarming som påverkar oss allereie i dag. Me ser det i jordbruket, og me ser det med auke i flaum, ras og ekstremver. Dette er godt dokumentert, og det er noko som me må løysa saman. Difor meiner Arbeidarpartiet at me må klara å ha to tankar i hovudet samtidig. Me må kunna kutta i utslepp, og me må sikra sosial rettferd. Difor ventar me på kva det vidare arbeidet vil visa, og dersom det viser seg at Noreg kan dra nytte av EUs sosiale klimafond, vil dette kunna vera eit viktig bidrag til hushalda som blir ramma hardast, spesielt låginntektsgrupper. Eg må likevel få lov til å stilla eit spørsmål. Er det sånn at Framstegspartiet får ein allergisk reaksjon kvar gong ordet klima blir nemnt, ein så sterk allergisk reaksjon at dei kjem med heilt elleville merknader i denne innstillinga? I merknadene sine hevdar FrP bl.a. at det manglar transparens i kostnadsoverslag. Då tenkjer eg at det er viktig å minna representantane på at statsråden har svart ved fleire anledningar, både gjennom skriftlege spørsmål og proposisjonar og i klima- og statusplanen for 2026. I desse dokumenta går det veldig tydeleg fram, både med utgreiingar og ved at kostnadsoverslag blir gjort kjende. Eg oppmodar FrP til å lesa desse dokumenta på nytt igjen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Linda Monsen Merkesdal (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 9. apr 2026 — OverStortinget