Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. apr 2026

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10
Innlegget
Vyrde president. Vi treng fylkeskommunen for å løyse viktige regionale oppgåver der kommunane blir for små i mange delar av landet. Sett frå Oslo-gryta, hadde Noreg bestått av berre Oslo og Akershus, kan eg sjå at dette hadde vore ei mogleg løysing – om enn ikkje veldig god. Nok ein gong vil Høgre og FrP skrote fylkeskommunen og kallar det avbyråkratisering. I realiteten er det eit åtak på det regionale folkestyret og evna vi har til å gjennomføre god, grøn politikk over kommunegrenser. I handsaminga av Innst. 196 S er vi i MDG krystallklare: Vi treng eit sterkt forvaltingsnivå mellom stat og kommune. Her er tre grunnar til at fylket er viktig: Eit kollektivtilbod, sett frå Sogn og Fjordane, til dømes, som er valdistriktet mitt, er nær umogleg å sjå føre seg organisert i kvar einskild kommune. Vi meiner det er ein viktig del av det grøne skiftet at vi har det regionale nivået. Å tru at staten skal ordne dette for oss, å avskilte det lokale demokratiet, er i alle fall ikkje avbyråkratiserande. Vi meiner også at ein i den kommunale planlegginga heller bør styrkje enn fjerne fylkeskommunen. Vi ser korleis det poppar opp industriområde i kommune etter kommune som ligg meir eller mindre brakk, og det blir ein kamp mot botnen som øydelegg natur stad etter stad. Så vi meiner tvert om vi må gje fylkeskommunen fleire oppgåver. Vi meiner at det å avvikle fylkeskommunen vil gi byråkratane meir makt heller enn å avbyråkratisere. Sett frå Sogn og Fjordane verkar det bortanfor all fornuft at ein skal slå saman fleire kommunar, at dei skal bli sterke nok til å løyse desse oppgåvene. Å gi byråkratar meir makt er ikkje avbyråkratisering, tvert imot.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat