Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. apr 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Vi i MDG er opptekne av å styrkje fylkeskommunen framføre å leggje han ned. Vi meiner han er ein viktig nivå. Vi ser at natur over heile landet blir trua av nedbyggingar og ei dårleg overordna planlegging, bl.a. når det gjeld industriområde. Vi ser eit potensial for fylkeskommunen til å bidra til betre regional planlegging, ved å styrkje rolla til fylkeskommunen til å hjelpe kommunane. Eg etterlyser òg om vi kan sjå på ein generalistkommune versjon 2.0 der ein kan tilby fleire tenester frå fylkeskommunen av det som i dag ofte er interkommunale samarbeid. Mitt spørsmål til statsråden er: Er dette noko statsråden vil sjå på og kome tilbake med ei vurdering av på eit seinare tidspunkt?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat