Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. apr 2026

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10
Innlegget
Mindre detaljstyring er bra, men angrep på Statsforvaltaren er det ikkje. Kommunane har eit veldig stort ansvar i arealplansaker. Det meiner vi er bra, og de aller fleste sakene blir avgjorde lokalt. Motsegn er heldigvis uvanleg, men nødvendig nokre gonger. Det får stor merksemd, men i tillegg blir mange av desse motsegnene løyste i den vidare behandlinga. Det handlar om viktige samfunnsomsyn som vi sjølve har vore med og vedteke. Det skal ivareta globale, nasjonale og regionale omsyn. At ein lokalt er flinke til å leggje til rette for utbyggjarar og for at dei kan få gjennomført sine tiltak, er vi klåre over. Det er bra på mange måtar, men vi står fort i allmenningas tragedie, der det som på kort sikt kan løne seg lokalt og kanskje ikkje gjev så store opplevde lokale konsekvensar, går tapt for oss som storsamfunn og verdssamfunn på sikt. Vi risikerer at det går ut over verdifull natur og ut over matjord – gong på gong. Vi meiner trass i alt at effektive planprosessar er i felles interesse. Difor meiner vi at det er viktig tidleg å avklare konfliktar med verdifull natur og matjord og ha ei god rettleiingsteneste. Der registrerer vi at statsforvaltarane er forsiktige med å gje for mykje råd, for ikkje å gjere seg inhabile eller gje feil råd før dei kjenner saka godt nok. Det kan gjere at prosessane rett og slett kjem for langt. Vi meiner det er viktig å tydeleggjere kva for verdiar som det skal mykje til å gå utanom i ein planprosess, slik som uberørte område, rikmyrer, naturskog og villrein, f.eks. Vi har sjølve vedteke mange omsyn på Stortinget ut frå globale forpliktingar og tunge vitskaplege råd. Det er for mykje å forlange av kommunane at dei skal vektleggje globale og regionale omsyn sterkt nok i tråd med dei klåre vitskaplege råda vi får. Difor meiner vi det er viktig med eit tydeleg mandat til Statsforvaltaren til å kunne komme med motsegner der det er god grunn til det. Vi synest også det hadde vore nyttig å ha på plass ei fagleg uavhengig rådgjeving i plansaker som gjer at ein på eit tidleg tidspunkt kan få avklart kvar konflikten er, og korleis vi kan leggje til rette slik at vi kan gjennomføre tiltaka, ikkje bruke mykje ressursar og sakene køyrer seg fast og lagar eit unødvendig høgt konfliktnivå. Vi blir fartsblinde når det gjeld korleis vi byggjer ned natur og matjord. Ser ein ein generasjon eller to tilbake, såg Noreg veldig annleis ut. Det er alvorleg for Noreg. Difor må vi gjere noko. Med dette tek eg opp dei forslaga MDG fremjar åleine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat