Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. apr 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

Innlegget

Effektive planprosessar er ei felles interesse. Når motsegner blir fremja, er det på grunn av viktige nasjonale, globale og regionale omsyn. Og då har diverre ofte prosessen kome langt, og mykje ressursar er brukte både frå kommunen og utbyggjaren si side. Det gjer jo saka ganske vanskeleg. Klimaendringane er også med på å skape utfordringar mange stader, både i heimfylket til statsråden og i mitt, som kjem på toppen av dei litt krevjande prosessane vi står i. Spørsmålet mitt til statsråden er om statsråden vil vurdere korleis ein kan få avklart viktige naturomsyn på eit tidleg tidspunkt, så ressursane kan brukast meir effektivt, samtidig som tiltakshavarane kan få gjennomført sine intensjonar på ein måte som varetar både natur og matjord, i tråd med natur- og klimakrisa vi står i?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat