Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ja, Noreg er både vakkert og variert – det er i alle fall inga tvil om det. KS, organisasjonen til kommunesektoren, har vore tydeleg på at generalistkommune-satsinga skal vidareførast, og at ho har stor støtte i Kommune-Noreg. Kva er det eigentleg fylkeskommunen gjer eller bidreg med? Jo, dette er folkevalde som kjenner sitt regionale område, som koordinerer, gjev råd, og som tek ansvar der det er logisk, innanfor tannhelse, samferdsel, bruer og vegar, for kultur og næringsutvikling og for areal- og planarbeidet. Dei har ein fagkunnskap som er veldig viktig for mange kommunar i dette landet. Høgre vil ha større kommunar og droppa fylkeskommunen. Det er for så vidt ei ærleg sak. Det betyr at nokre kommunar i dette landet vil verta enorme i areal. FrP er imot fylkeskommunen, men små kommunar skal få fortsetja som før. Det vil i alle fall ikkje styrkja Kommune-Noreg. Representanten Bjørnar Larsen viste til synet folk har på fylkeskommunen. Det er klart at for innbyggjarane er det kommunen som betyr mest, men nokre oppgåver må koordinerast på regionalt nivå fordi det tener kommunane på tvers og kommunane over heile landet. Difor er det dei folkevalde som best kjenner verdien av fylkeskommunen, men det gjer òg elevar og føresette når ein skal inn i vidaregåande skule. Det gjeld linjetilbod og skule i distrikt og tettbygde strøk, og at ein kan få eit tilbod som gjer at ein kan bu heime lenger. Det handlar også om nærings- og kulturaktørar i dette landet. For Buskerud sin del veit eg at verken Grettefoss bru i Flesberg eller Austvoll bru i Flå hadde vorte prioritert viss dei hadde vore i ein nasjonal transportplan. Mi lange erfaring frå lokalpolitikken er alle fall tydeleg: Eg vil takka dei tilsette og dei folkevalde i Buskerud fylkeskommune, som ser både bygd og by. Dei ser både kommunar med eit stort arealansvar og få folk og det motsette. Dei styrkjer kultur- og næringsutviklinga, dei kjenner samferdselsutfordringane, og dei forstår og gjer det dei kan for å gje gode tilbod til elevar i vidaregåande skule i heile fylket. Dette handlar om å byggja heile landet, og det handlar om å gjera det attraktivt. Det handlar òg om beredskap, forsvar, kraftforvaltning og om kva slags Noreg me vil ha. Arbeidarpartiet har eit gammalt slagord: By og land, hand i hand. Det er et like godt slagord som før. Fylkeskommunen er viktig for å ivareta både by og land.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
