Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Etter planen skulle Billerud Viken AS investere stort i ny fabrikk i Hønefoss til foredling av norsk skog ved å produsere klimavenleg emballasjefiber, men etter avslag frå Miljødirektoratet, som meiner utsleppa vil bryte med vassdirektivet og Norges EØS-rettslege forpliktingar, har saka lege stille hos Klima- og miljødepartementet sidan juni i fjor sommar. No har Billerud trekt seg ut av milliardprosjektet, og dei peikar på den lange godkjenningsprosessen som årsak. Statsminister Jonas Gahr Støre og dåverande næringsminister Jan-Christian Vestre besøkte Hønefoss sommaren 2022, kor dei sa seg einig i problembeskrivinga om lange saksbehandlingstider og langt på veg lova fortgang. Sidan den gongen er det openbert ikkje gjort nok for å rydde opp. Utan samspel mellom myndigheiter og næringsliv stoppar utviklinga av Noreg heilt opp, og difor er det trist at regjeringa ikkje er meir framoverlent og tydeleg på korleis dei vil løyse problemet og sikre hurtig saksbehandling. Fordelane med ein fibermassefabrikk i Hønefoss er mange fleire enn ulempene, og Billerud har fått støtte frå ordførarar, lokalt næringsliv, LO og NHO, som har gitt klar beskjed til regjeringa om at saksbehandlingstida er altfor lang. Her har ei moglegheit dukka opp til å styrkje skognæringa med meir vidareforedling av tømmer i Noreg. Til produksjonen er det anslått omtrent 700 000 kubikkmeter med trevirke, og fabrikken skulle gje 70 nye lønsame arbeidsplassar. Miljødirektoratets avslag på søknaden frå Billerud stoppar ikkje berre ei grøn industrisatsing, men set også spørsmålsteikn ved Noregs vilje og evne til å leggje til rette for nye næringar og ny industri. Signalet vi no sender til andre aktørar som vurderer å investere i Noreg, er tydeleg: Ikkje kom hit. Noreg må ha større ambisjonar enn rett og slett å eksportere råvarene våre til foredling i utlandet. Utan ein fungerande marknad og utan industrielle kundar har skogen lita økonomisk betyding, og det er i foredlingsprosessen det skjer størst verdiskaping. Tidlegare importerte vi tømmer til Norge som blei nytta til produksjon. No står industriprosjekt i byråkratisk stampe, og Noreg har blitt ein eksportør av tømmer som i staden blir foredla andre stader. Den trenden må snu.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
