Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

Heime i Vestfold er det mange som følgjer med på denne saka akkurat no: foreldre, besteforeldre og ikkje minst unge folk som har satsa alt på ei utdanning dei trudde var trygg. Då Pilot Flight Academy gjekk konkurs, var det ikkje berre ein skule som stengde dørene. Det var rundt 170 studentar som fekk livet sitt sett på vent, med høg gjeld og utan moglegheit til å fullføra. For mange blei dette eit brutalt møte med eit system som ikkje var rigga for å ta vare på dei når noko gjekk gale. Dette er ikkje studentar som har teke lett på vala sine. Dette er folk som gjorde nettopp det samfunnet har bedt dei om: Dei valde utdanning, ansvar og eit krevjande framtidsyrke. Mange har flytta, teke opp store lån og sett både tid og krefter inn på eitt mål: å bli pilot. Pilotutdanninga er ikkje som andre studium. Ho er dyr, krev store forskotsbetalingar og gjev inga reell moglegheit til å bytta løp undervegs utan enorme kostnader. Det er som å ta førarkort for bil: Ein kan faktisk ikkje vera nesten ferdig – anten har du førarkort, eller så har du det ikkje. Ei uferdig pilotutdanning kan ein ikkje bruka til noko som helst anna i arbeidsmarknaden. Likevel er det akkurat der mange no står: med gjeld, men utan utdanning, med ansvar for lån, men utan moglegheit til å ta jobben dei «nesten» har utdanna seg til. Det er dette som gjer saka heilt spesiell. Framstegspartiet meiner difor at denne saka ikkje kan behandlast som ein vanleg konkurs. Når staten har godkjent utdanninga, opna for studiestøtte og gjort det mogleg å finansiera studiet gjennom Lånekassa, kan ikkje studentane stå heilt åleine når systemet sviktar. Då må me som lovgjevarar erkjenna at regelverket ikkje er godt nok, og at det treng justering.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat