Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg skal vera veldig kort. Eg har lyst til å seia at denne saka ikkje berre handlar om ein skule eller ei gruppe av studentar. Ho handlar om framtida, om beredskap og om kva slags samfunn me vil ha. Noreg er heilt avhengig av fly og helikopter, til ambulanseoppdrag, redningsteneste, beredskap og transport i heile landet. Då treng me pilotar som kjenner norske forhold, norsk luftrom, norsk topografi og norsk språk. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Når studentar som allereie er i gang, ikkje får høve til å fullføra utdanninga si, svekkjer me vår eiga rekruttering. Me byggjer ikkje beredskap ved å stengja dørene for dei som har teke ansvar. Det minste me som storting kan gjera, er å sørgja for at systemet ikkje stoppar folk som faktisk prøver å fullføra. Heilt til slutt er det veldig viktig for meg å seia: Dette kostar ikkje staten pengar. Å seia nei er difor ikkje økonomi, men det er politikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 14. apr 2026 — OverStortinget