Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet tek tryggingstrusselen mot norsk forsking og høgare utdanning på største alvor. Trusselvurderingane frå PST, Etterretningstenesta og Nasjonal tryggingsmyndigheit viser tydeleg at forskings- og teknologimiljø i aukande grad er mål for etterretning, teknologioverføring og cyberoperasjonar frå framande statar. Dette er ei utvikling som utfordrar grunnleggjande nasjonale tryggingsinteresser, og som krev at vi styrkjer evna vår til å førebyggje og handtere risiko. Samtidig er det viktig å understreke at Noreg er ein liten forskingsnasjon. Vi er avhengige av internasjonalt samarbeid for å sikre tilgang til kompetanse, teknologi og verdsleiande fagmiljø. Eit for strengt og kategorisk regelverk, slik forslaga i dokumentet legg opp til, vil kunne svekkje norske fagmiljø si evne til å delta i den internasjonale forskingsinnsatsen. Det vil i praksis kunne gjere oss mindre, ikkje meir, trygge. Senterpartiet meiner difor at løysinga ikkje er generelle forbod basert på nasjonalitet. Eg vil særleg vise til høyringsinnspelet frå Universitets- og høgskulerådet, som tydeleg peikar på at slike tiltak kan få store negative konsekvensar for norsk forsking. Vi må i staden sørgje for at institusjonane har gode verktøy, klare krav og tilstrekkeleg støtte til å gjennomføre forsvarlege tryggingsvurderingar. Statsråden peikar sjølv på utfordringar knytte til personelltryggleik utanfor tryggingslova sitt verkeområde. Det viser at dagens regelverk ikkje er godt nok tilpassa det skjerpa trusselbiletet. Senterpartiet meiner difor at det er behov for ei heilskapleg gjennomgang av forskingstryggleiken. Vi må vurdere om tryggingslova bør endrast, om krava til personelltryggleik må strammast inn, og om det er nødvendig med ytterlegare avgrensingar for søkjarar frå risikoland til stillingar innan sensitive teknologiar. Dette handlar ikkje om å lukke Noreg for verda. Det handlar om å sikre at vi har eit regelverk som er robust nok til å møte dagens truslar, samtidig som vi tek vare på akademisk fridom og internasjonalt samarbeid. På denne bakgrunnen støttar Senterpartiet forslaget om at regjeringa må styrkje arbeidet med forskingstryggleik og kome tilbake til Stortinget med vurderingar av nødvendige endringar. Dette er ei fornuftig tilnærming som overordna ivaretek nasjonale omsyn og behovet for internasjonalt forskingssamarbeid.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
