Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. apr 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det blei nesten litt freistande å ta replikk på den førre replikanten, men det er det jo ikkje moglegheit for. Eg synest det som er positivt med statsråden sitt innlegg, er at ein viser vilje til å ta eit oppgjer med det Clemet-skulen, Høgre-skulen, har medført, og som vi no ser resultatet av. Vi ser kva konsekvensar det får når ein puttar stadig meir teori inn i skulen, sikkert med gode intensjonar. Resultata blir dårlegare, og vi ser også andre konsekvensar. Vi har i dette forslaget peika på det som er knytt til leik og fysisk aktivitet, og så har vi gjort eit skilje mellom den lærarstyrte leiken og frileiken. Som representanten Bae Nyholt eminent sa i innlegget sitt: Det er ein stor forskjell, for den frie leiken både aukar kreativiteten og gjev viktige sosiale ferdigheiter for ungane. Så spørsmålet er ganske enkelt: Ser statsråden føre seg å dedikere timar til den frie leiken også i det viktige arbeidet som ho no er i gang med?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Erling Sande (Senterpartiet) — Replikk · 14. apr 2026 — OverStortinget