Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Då nyttar eg sjansen til eit oppfølgingsspørsmål knytt nettopp til fysisk aktivitet. Det er igjen eit eksempel der det nok er mange gode intensjonar. Både skular og lærarar seier dei gjerne skulle gjort meir av dette, men dei tydelege regulerte føringane er gjerne på andre område og ikkje knytte til den fysiske aktiviteten. Då er spørsmålet til statsråden: Kan statsråden sjå føre seg at ein gjev tydelegare signal eller på annan måte påverkar dei skulane som i dag av ulike grunnar ikkje prioriterer fysisk aktivitet dagleg for elevane sine?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
