Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet er positive til eit lobbyregister for Stortinget og for regjeringa. Det er vårt syn at presidentskapet har gjort gode vurderingar, og Senterpartiet støttar forslaget til vedtak. Openheit er grunnleggjande i demokratiet vårt, men eit lobbyregister er eitt tiltak. Det kan bidra, men åleine er ikkje eit lobbyregister nok. Me må heile tida passa på systemet vårt, at me har openheit. Eit tiltak som eg meiner er svært viktig, som me har på Stortinget, er at journalistar har betydeleg større fridom til å oppsøkja politikarar og følgja med på det politiske arbeidet enn det som er tilfellet i ei rekkje andre parlament. Lobbyregister vil koma på toppen av dette. Senterpartiet er oppteke av at eit lobbyregister må vera praktisk gjennomførleg, men det må òg vera mogleg for enkeltaktørar i spesielle situasjonar å ha kontakt med og gje informasjon til oss som stortingsrepresentantar. Det gjeld sjølvsagt privatpersonar som har historier knytte til f.eks. kontakt med det offentlege, men det kan òg gjelda større organisasjonar og – kanskje aller mest – bedrifter. Lat meg ta eit eksempel. Eg sit i næringskomiteen. Der er det mykje fokus på makta til daglegvarekjedene. Eg veit at ei rekkje leverandørar er bekymra for å seia meininga si om kjedene tydeleg, i frykt for å mista kontraktar og leveransar. Eg er oppteken av at det er mogleg å ha dialog med desse gruppene og desse bedriftene utan at det nødvendigvis vert offentleg kjent. Alternativet, at den informasjonen ikkje kjem til oss, er ikkje bra. Hovudregelen må vera offentlegheit, men det må vera mogleg for den enkelte representant å vurdera unntak. Senterpartiet er vidare oppteke av at eit lobbyregister for Stortinget skal regulera den aktiviteten som skjer på Stortinget, ikkje det som skjer utanfor Stortinget. Dette er eit steg vidare, og eg ser fram til resultatet av evalueringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
