Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det er gledeleg at det no er eit samla storting som vil ha ei utgreiing av eit lobbyregister. Det er neppe full einigheit om at me faktisk skal ha eit lobbyregister, men ei utgreiing, som presidentskapet no innstiller på, vil gje det nødvendige grunnlaget for å kunna innføra det. SV er ikkje i tvil om at lobbyregister er eit rett tiltak. Ei registrering av lobbyistar vil sjølvsagt ikkje få slutt på at pengesterke aktørar påverkar politiske avgjerder i større grad enn det alle andre har moglegheit til. For det er det eigentlege problemet, slik SV ser det, at dei som har mest makt og pengar frå før, også har størst påverknadskraft på politikken og størst moglegheit til å endra politiske avgjerder til sin fordel. Slik blir maktforskjellar sjølvforsterkande. Lakselobbyen, eigarane av daglegvarekjedene og kraftbransjen utgjer mektige pressgrupper som kan operera mellom val – og få viljen sin gjennom. Dei fleste andre brukar berre stemmesetelen som maktmiddel, kvart fjerde år. Dei som har mest pengar, har mange fleire måtar å nå fram på. Registrering av lobbyistar vil ikkje få slutt på denne maktforskjellen, men det vil kunna kasta lys over korleis det politiske påverkingsarbeidet føregår, og dermed også gje oss eit meir informert ordskifte om denne verksemda. Kanskje vil det også oppmuntra ei gruppe som vanlegvis ikkje blir høyrt, til å kasta seg inn i samfunnskampen og debatten. Eg håper i alle fall det. Eit lobbyregister bør ikkje skapa hindringar for enkeltpersonar som oppsøker folkevalde for å fortelja historia si eller gje sensitiv informasjon. Registrering av lobbyistar bør handla om nettopp lobbyistar, dei som driv aktivt politisk påverkingsarbeid. Nettopp fordi slikt arbeid både er lovleg og legitimt, bør det heller ikkje vera eit problem at arbeidet skjer meir i det opne landskapet, og at fleire veit kva som skjer. Dei som har noko å skjula, vil sannsynlegvis klara å unngå registrering, men dei vil òg risikera endå dårlegare omtale når det likevel blir avslørt kva dei held på med. Før eller seinare vil det koma fram. Eg registrerer at nokon trur at denne utgreiinga er ei slags trenering. Det er det ikkje. Me som faktisk vil ha eit lobbyregister, kan ikkje berre vedta det i dag. Det trengst ei utgreiing fyrst for å finna den beste innretninga blant fleire moglege modellar. Vedtaket Stortinget sannsynlegvis vil gjera seinare i dag, er eit nødvendig steg på vegen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat