Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Som bl.a. siste talar var inne på, er det nok ikkje absolutt alle representantar og alle parti i denne salen som er einige i at det skal innførast eit lobbyregister. Det er heilt riktig. Dei har ikkje teke ordet i denne debatten for å forsvara sitt syn. Det er òg noko av bakgrunnen for at eit einstemmig presidentskap har ei tilråding med den ordlyden ein har, der òg behovet skal utgreiast. Det er eigentleg ikkje så veldig dumt at ei utgreiing òg inneheld ein del vurderingar av behovet, så eg synest ikkje at det er feil å ha det med. Om Stortinget skal vedta eit lobbyregister eller ikkje, vil jo uansett bli noko me må røysta over på eit seinare tidspunkt, etter at utgreiinga er ferdig. Eg registrerer at enkelte av dei som har teke ordet i denne debatten, ikkje heilt har klart å lesa og forstå innstillinga. Ein framstiller det som at det berre er behovet som skal utgreiast. Det er ikkje riktig. Det som står i innstillinga, er i tillegg at «mulig utforming av et register» skal utgreiast. Det er jo heile poenget. Me skal utgreia korleis eit sånt register kan sjå ut, sånn at me har eit grunnlag for å ta ei avgjerd på eit seinare tidspunkt. Det er òg lurt at me har eit felles register for storting og regjering, og at det ikkje blir to ulike register. Forslaga nr. 3 og 4, som er blant dei lause forslaga som har blitt lagde fram her i dag, legg opp til at det skal vera to ulike register. Det meiner eg er uklokt. Det er òg uklokt å avgrensa registreringa til påverkingsarbeid som berre er knytt til saker som er til behandling. Det er ei unødvendig avgrensing som ligg i dei to forslaga. Sjølve vedtaket om innføring vil nødvendigvis skje seinare. Då vil det forhåpentlegvis òg bli klart kven det er som eventuelt er imot å ha eit sånt register. Me må uansett venta på at det nødvendige forarbeidet er gjort, og at me har fått dei praktiske avklaringane som er nødvendig å få på plass – kven som skal registrerast, i kva slags tilfelle, osv. I dag er eg er einig med Venstre, som seier at me ikkje er i mål, men at me er nærmare enn nokon gong.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
