Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. apr 2026

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

På vegner av presidentskapet legg eg i dag fram forslag om oppnemning av ein uavhengig granskingskommisjon, med mandat, namn og samansetjing, for å undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte gjennom offentleggjeringa av Epstein-dokumenta. Innstillinga frå presidentskapet er ei oppfølging av stortingsvedtaket frå 17. mars i år, som tok utgangspunkt i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i same sak. Forslaget frå presidentskapet til mandat, namn og samansetjing er utarbeidd i samråd med partigruppene her på Stortinget. Stortinget gjorde samstundes vedtak om å be presidentskapet leggja fram lovforslag for Stortinget med naudsynte føresegner om arbeidet, saksbehandlinga og informasjonstilgangen til granskingskommisjonen. Presidentskapet vil koma tilbake til Stortinget med eit slikt lovforslag. Eit utkast er for tida på offentleg høyring, med frist 23. april. Det følgjer av Stortingets forretningsorden § 19 at Stortinget kan nemna opp ein granskingskommisjon til å kartleggja eller vurdera ein tidlegare faktisk hendingsgang. Dette er berre niande gongen sidan 1883 at Stortinget går til eit slikt steg. Det illustrerer kor alvorleg og viktig det arbeidet som no skal gjerast, er. Opplysningar som er framkomne i Epstein-dokumenta, reiser spørsmål om m.a. mogleg misbruk av høgtståande offentlege stillingar og verv, og norske myndigheitspersonar si moglege utveksling av informasjon, tenester og kontaktar i lukka nettverk med antidemokratiske eller kriminelle element. Dei reiser òg spørsmål om myndigheitspersonar har vore eksponerte for påverknadsfare og moglege skadeverknader for norske interesser, om mogleg kritikkverdig forvaltning av offentlege midlar, og dessutan om dette har vorte gjort mogleg gjennom ukultur og manglande kontroll i forvaltninga, og særleg i utanrikstenesta. Hovudoppgåva til granskingskommisjonen er å undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte gjennom offentleggjeringa av Epstein-dokumenta. Føremålet skal vera å sikra eit avklart faktisk grunnlag for forståing og læring, betra integriteten og openheita til norske styresmakter og gjera utanrikstenesta betre, meir effektiv og meir målretta. Forslaget til mandat frå presidentskapet byggjer på føringar i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. I tillegg til det som kjem fram der, er det teke inn noko om forhold som det er vanleg å regulera i mandatet til slike granskingskommisjonar. I tillegg til mandatet og § 19 i Stortingets forretningsorden vil sjølvsagt den kommande særlova gje rammer for arbeidet til kommisjonen. Kommisjonen skal kartleggja og vurdera tidlegare faktiske hendingsgangar. Han kan òg vurdera om det har skjedd lovbrot eller andre former for brot på reglar eller retningslinjer, eller andre kritikkverdige forhold. Kommisjonen skal derimot ikkje ta stilling til rettsleg ansvar for enkeltpersonar. Det er i den samanhengen verdt å merka seg at det i forslaget til mandat er sagt at kommisjonen gjennom dialog med politiet og påtalemyndigheita skal sørgja for at informasjonsinnhentinga og arbeidet i kommisjonen elles ikkje skader eller vanskeleggjer etterforskingsarbeidet der. Forslaget frå presidentskapet til namn og samansetjing av kommisjonen byggjer på føringar i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Presidentskapet har søkt å oppnå ein samla kompetanseprofil på medlemene som i størst mogleg grad tek omsyn til relevant og naudsynt kompetanse for arbeidet i kommisjonen. I forslaget er det personar med erfaring innan gransking både frå media, advokatverksemd og andre kommisjonar og liknande arbeid. I forslaget frå presidentskapet er det òg personar med fleire andre perspektiv, slik som tryggleik og etterretning, utanriks- og bistandspolitikk, utanriksteneste og forvaltning. I det føreslåtte leiarteamet har leiaren omfattande leiarerfaring frå ei større medieverksemd innan granskande journalistikk. Den føreslåtte nestleiaren har lang erfaring som lagdommar, og bidreg dessutan til å sikra at dei juridiske rammene for arbeidet i kommisjonen vert tekne godt vare på. Sidan det på grunn av uavhengigheitsomsyn ikkje er aktuelt med ein kommisjonsmedlem med bakgrunn frå norsk utanriksteneste, har presidentskapet i tråd med føringane frå kontroll- og konstitusjonskomiteen føreslått ein medlem med relevant fagbakgrunn og erfaring frå eit av dei andre skandinaviske landa. Kommisjonen vil òg få eit sekretariat med fleire personar som har relevant fagleg kompetanse, og som vil kunna utfylla bakgrunnen og erfaringa til kommisjonsmedlemene.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat