Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg kunne nok ønskt meg ein statsråd som var noko meir offensiv i svaret. Arbeidarpartiet går her i forsvar for eigentleg unødvendig byråkrati, i staden for å kjempe for sunn fornuft i desse kartleggingssakene. Dette er folk som skal utvide entreen sin, dei skal kanskje byggje ein liten terrasse framfor huset, og så får ein då krav om svært dyre kartleggingar som ikkje gjev meining. Vi er alle einige om at skal ein byggje nye hus inn i eit område eller tiltaket kan utgjere fare for naboeigedomane, er det hensiktsmessig å kartleggje, men dette er store kostnader folk blir pålagde for å gjere små tiltak på dei husa dei allereie bur i. Spørsmålet er: Forstår ikkje statsråden at dette ikkje berre skapar frustrasjon, men også gjer at folk misser respekt for systemet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
