Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. apr 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 15. april 2026 kl. 10

Innlegget

Dette var også noko eg jobba med den gongen eg hadde Skjæran sitt ansvar. Poenget er at viss ein ønskjer å gjere eit grep, kan ein gjere det same grepet som den raud-grøne regjeringa – eg meiner det var i 2013 eller rundt der, med litt atterhald. Ein berre sende eit brev til kommunane der ein sa at for mindre tiltak der dette ikkje utgjer fare for andre eller der det ikkje betyr noko stort knytt til naturfare, slepp ein å gjere desse kartleggingane. Det kan vere eit innspel inn. Grunnen til at eg har eit visst engasjement i saka, er at eg ser at nokon av dei grepa Senterpartiet gjorde i Kommunaldepartementet då ein sat der, bl.a. å sende brev til statsforvaltarane, der ein sa at eksempelvis unødvendige motsegn – altså motsegn som kunne ha vore fremja tidlegare –som hovudsak ikkje skal fremjast. No ser eg at Arbeiderpartiet har teke ut igjen den setninga i oppdraget til statsforvaltarane. Eg har lyst til berre å spørje: Kvifor tek ein vekk det som er heilt nødvendige signal å sende for at statsforvaltarane ikkje så detaljert går inn i enkeltsaker?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat