Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det som er viktig for Senterpartiet i denne saka, er at me skal ha eit godt butikktilbod i heile landet, med mest mogleg like prisar og eit likeverdig tilbod i heile Noreg. Me ønskjer òg butikkar som prioriterer å selja norske varer, og som bidreg til at me skal klara å auka sjølvforsyninga av norsk mat. Senterpartiet er òg oppteke av god konkurranse. Det handlar om pris, og det handlar om tilbodet til kundane. Senterpartiet er samtidig oppteke av fordeling av pengane i verdikjeda for mat. Kort oppsummert: Me synest i dag at dei som eig kjedene, stikk av med for mykje av pengane, og at dei som produserer maten, får for lite. Eg vil no gå inn på nokre av forslaga. Senterpartiet har tenkt slik: Er det ikkje no lurt at me får ei stortingsmelding og får diskutert dette på eit fagleg grunnlag i si fulle breidde? Me stemmer difor for ei stortingsmelding i dag. Eg registrerer at Arbeidarpartiet er redd for at dette kan koma i vegen for arbeidet med bl.a. lov om god handelsskikk. Det er det jo heilt opp til regjeringa å bestemma – om det skal koma i vegen for det eller ikkje. Senterpartiet stemmer òg for eit forslag om å avgrensa det som er eigne merkevarer. Me meiner det vert brukt bevisst av kjedene for å pressa ut merkevarene. Eg registrerer kva syn representanten Johnsen og FrP har på dette. EMV er mangfald, seier Johnsen. Det får meg til å tenkja at dei i FrP har eit litt rart syn på mangfald. Det vert vist til ein rapport. Då tenkjer eg: Viss FrP vil det, seier ein det står i ein rapport, og at det difor er sant. Eg meiner me må gjera ei breiare vurdering av det, og at det er djupt problematiske sider med det store omfanget av EMV. Det er òg eit forslag som Senterpartiet stemmer imot, og det er det som gjeld ein offentleg prisportal. Me har jo nettopp gledd oss over at Konkurransetilsynet har sagt nei til prisjegerane og har gjeve milliardar av kroner i bot. Så vil altså SV og Raudt ha ei statleg finansiert prisejegerordning som gjer at kjedene skal sleppa å gå inn i butikkane til kvarandre. Dei kan berre trykka på ein tast, og så får dei vita akkurat kva dei andre vil ha for varene. Det vil svekkja konkurransen. Senterpartiet stemmer i dag for dei forslaga eg har nemnt. Me meiner denne saka ikkje er i mål, og me har forventningar til at regjeringa fortløpande kjem med nye tiltak for å styrkja konkurransen i daglegvaresektoren.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
