Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det ganske spesielt i ei sak som dette, i ein situasjon med krig i Europa, at Høgre brukar sin replikkrunde på å kjempa for lågare sjølvforsyning i Noreg og svekt importvern. Eg meiner at statsråden gav gode og tydelege svar på dei utfordringane ho fekk. Det har oppstått ei misforståing om at det finst ei mengd varer det er toll på som norsk landbruk ikkje kan produsera. Dei varene finst ikkje. Det er slik at me ser høg prisvekst på importerte varer med null toll. Så berre for å vera heilt sikker, er mitt spørsmål: Er statsråden og regjeringa einig med Senterpartiet i at det er viktig å oppretthalda eit sterkt tollvern for norsk landbruk, og at det ikkje er aktuelt å føreslå lemping på det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
