Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet har i lang tid vore for eit grønt investeringsfond i Noreg. Nysnø klimainvesteringar er det me har. Det var eit selskap som kom under regjeringa Solberg, så vonde tungar i Senterpartiet kallar det av og til for Nybø klimainvesteringar, etter den dåverande næringsministeren. Det er ikkje ein perfekt reiskap, og difor har me støtta ei evaluering av eller utgreiing om selskapet. Senterpartiet ønskjer òg å utvida mandatet for selskapet og meiner at selskapet skal kunna investera i forsvar og beredskap. Det handlar om å bruke dei reiskapane me har, tilpassa den tida me lever i. Forsvar og beredskap er langt meir aktuelt no, og oppstartsselskap innanfor den kategorien er langt viktigare no enn då Nysnø vart etablert. Eg reagerer på at Raudt, FrP og KrF vil leggja ned 20 arbeidsplassar i Stavanger. Det er 20 arbeidsplassar som er viktige for byen. Kva vil dei gjera? Jo, dei vil sjølvsagt flytta forvaltninga av dette til Oslo, til New York, til London, for det er jo det som skjer når ein trekkjer inn kapitalen. Det er ikkje som KrF moglegvis føreslår i merknadene, at desse pengane heller kan sendast til Afrika. Det går ikkje an, for desse pengane vil då gå tilbake til fondsforvaltninga og oljefondet. Det er ikkje pengar som kan takast rett inn i budsjettet. Det er det eg synest er svakheita med dette forslaget. Det er veldig lettvint. Eg meiner at det er viktig å ha kapital og investeringsmiljø utanfor Oslo. Det var motstand då Senterpartiet fekk etablert eit investeringsmiljø i Tromsø. Det var likevel kjempeviktig og rett å gjera det. Det er viktig å ha eit statleg investeringsmiljø i Trondheim, i Stavanger og i Bergen. Det må me vidareføra. Det er ikkje slik at dei einaste gode tankane vert tenkte i Oslo, sjølv om det er realiteten i det som Raudt, FrP og KrF føreslår i dag. Nysnø investerer i heilt normale selskap – folk som har idéar, folk som vil ta initiativ. Det er ikkje slik at ein driv med nokre hipsterprosjekt som er dømde til å gå nord og ned. Nei, det er ekte bedrifter og ekte arbeidsplassar i heile landet. Me treng fleire verkemiddel. Det vert ofte snakka om at det er lite kapital i Noreg. Då er det viktig å ha eit selskap som Nysnø. Det er ikkje perfekt. Det er det me har. Senterpartiet føreslår heller å utvikla det vidare. Med det tek eg opp forslaget til Senterpartiet i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
